Sak 1
Søknadar ein treng avklare i dag:
- 9. klasse. Søker om 6000 kr. Tur til Arkebus-museumet. Buss og inngongsbillettar.
- 1. – 4. klasse. 2000 kr frukt til uteskule.
- 8. – 10. klasse 3500 kr. Pluss moms per buss. 3 bussar. 13000 kr. Elevrådet involvert.
- 5. – 7. klasse 2000 kr. Fiskeutstyr.
- 7. klasse 4000 kr. til pizza sommaravslutning.
Vedteke at alle søknadar utanom 9. klasse sin vert innvilga. Vurderer at 9. klasse får nytte av trivselsmidlar gjennom søknaden til ungdomsskulen. Prioriterer heile turen til 8. – 10. klasse pga. den kom frå elevrådet og gagnar fleire. Pluss at ein vurderer at skulen bør dekke museumsturen. Alle dei andre får sine beløp. Asbjørn svarer ut søknadane.
Sak 2
Så langt har ein stort sett gitt pengar til det som er søkt om fordi me har hatt moglegheit. Kasserar fører oversikt kven som har fått kva pengar. FAU merkar seg at det kjem fleire og fleire søknadar frå skulen, og mindre frå elevar/føresette. Tenkjer ikkje at det er feil at skulen sender søknad til konkret utstyr. Men ønskjer å prioritere dersom det kjem søknadar direkte frå elev- eller foreldregruppa. Vil leggje opp til tre søknadsrunder med frist siste dato i månaden før neste FAU-møte. Vedteke at ein skal sjå gjennom retningslinjene og kome med ei revidert utgåve. Asbjørn gjennomgår dette, og tek med inn i årsmøte.
Sak 3
· Årsmøte: 04.06.25, 19.00 – 20.30 på skulen.
· Saker:
o Årsmelding (skakkering, film, trivselsmidlar, sfo-uttale, søknad flagg til flaggborg)
o Økonomi
o Val av roller for neste års FAU. Forslag: nestleiar Carina, sekretær Hanne Therese kasserar Eline. Manglar ein person til å vera leiar.
o Årshjul – orienteringssak
o Trivselsmidler – reviderte retningslinjer
o Rektor informerer.
· Marit skriv årsmelding, Asbjørn redigerer.
· Legge ut saksliste via skulen.
· Klassekontaktane gi info om årsmøte.
Sak 4
1. klasse: Ny representant klar til hausten. Skulen må minnast på å ta dette i foreldremøte. Marit har sendt mld til Silje Øren, avdelingsleiar 1. – 4. trinn.
2. klasse: Hanne Therese.
3. klasse: Laila går ut, Miriam Amdal inn.
4. klasse: Eline.
5. klasse: Marit går ut, ny representant er ikkje avklart.
6. klasse: Marius går ut, ny representant er ikkje avklart.
7. klasse: Carina.
8. klasse: Synnøve går ut, Kathrine Tungesvik Matre inn.
9. klasse: Helene.
10. klasse: Olaug ut, ny representant er ikkje avklart.
Det er einigheit om at vi melder om at det er nskjeleg med menn som nye representantar.
Sak 5
Forslag til innhald i årshjul for FAU (kan vera levande):
· Samarbeid med elevrådet.
· Sikre god info. Overgang nye fau-medlem.
· Møteplan:
o September: rektors halvtime, val av roller, SU-møte. På tvers Etne/Skånevik, søke om midler – kva kan ein søke om i kommande skuleår, engasjement foreldremøter. Liste påmelding open hall – fau tek ansvar for at det blir levert ut liste som ein skriv seg opp på.
o November: Behandler søknadar trivselsmidler
o Februar: Rektor, andre su-møte, trivselsmidler – bandle søknadar
o April: Rektor, trivselmidler.
o Juni: Årsmøte. Saksliste
Sak 6
Helene har ikkje fått svar på søknad om Trygg i vann.
Sak 7
Referater: Referent sender ut og får godkjenning av dei andre. Leiar sender vidare til skulen som har ansvar for å få det ut på nettsida. Ein opplever at det er lite oppdateringar frå skulen på nettsidene til FAU. Anbefale for neste års FAU at ein avklarer kven som har ansvar for å følgje opp. Forslag om at nestleiar har kontakt med Øyvind Brun om å legge ut informasjon.
Møteplan resten av skuleåret 24/25:
· Årsmøte: 04.06.24, kl. 19.00 – 20.30, Enge skule