Referat frå FAU-møte Enge skule 15.09.25

Oppmøtestad: Mediateket på mellomtrinnet

Desse møtte:
Hanne Therese Åsbø, Miriam Amdal Haugen, Eline Mæland, Elin Sørheim, Kristian Nordgård, Carina Opedal, Kathrine T. Matre, Helene Teigland

Sak 1 og 2: 

Godkjenne innkalling og saksliste
Innkalling og saksliste vert godkjent

Sak 3: Val av nestleiar skuleåret 2025-2026

Nestleiar blir Kathrine Matre

Sak 4: Søknad elagsfondet

Søknad er sendt ellagsfondet. Søkt om 50000kr til trivselsmidler og 20000kr til elevrådet. Søknaden vart innvilga og tysdag 23.09.25 var representant frå FAU og medlemmer frå elevrådet på Skakke og mottok gåvesjekk. Elevrådet syns det var veldig kjekt å få vere med å ta imot desse pengene. Me må få samla inn litt bilete til å legge ut på skulen si facebook side, for å vise kva pengene har gått til, og takke elagsfondet. Helene sjekker opp med skulen.

Sak 5: Årshjul for FAU-arbeid

Neste møte Måndag 17.11.25 kl 19.00
  • Trygg skuleveg
  • Søknadar Trivselsfondet
  • Søknad i etterkant 10.klasse – flaggborg
  • Skjerm
  • Søknad prosjektmidler Sparebanken Norge

        02.03.26

  • Søknadar Trivselsfondet

        11.05.26 Styremøte/Årsmøte

  • Søknadar Trivselsfondet        


Sak 6: Rektor sin halvtime

FAU er invitert på felles møte med barnehagar og skular i Etne Kommune. Carina møter på dette. Her er det representantar frå elevråd, ungdomsråd, FAU, kommuneleiing og skule/bhg leiing. FAU får kopi av innkalling og melder inn til Carina dersom me har noko me ynskjer å ta opp.

Bussjåførane skryt av elevane ved Enge Skule 😊

Fjorårets avgangskull var ganske unikt, der alle gjekk ut av skulen med god oppførsel. 😊

Bekymringsfullt at det «normaliserte» språket i dag er ganske grovt og ufint. Elevane har ein veldig hard måte å snakke til kvarandre. Dette er eit nasjonalt problem og ikkje spesifikt for Enge skule. Dette må vere ein samla innsats frå både skule og fritid for å få litt meir fokus på dette.

Coop Extra har opplevd stor auke i tjuveri i skuletida. Dersom dette fortsett så ser Coop seg nøydde til å politianmelde dette. Dette hadde vore eit problem for nokre år sidan og då blei det betre når foreldra blei gjort oppmerksame på det. Me håpar at felles melding som blei sendt til foreldra skal gjere at det blir snarleg betring.

Problem med sparkesyklar, høg fart, uten hjelm og fleire på sykkelen. Det har vore tilfelle der syklar har blitt sabotert. 

Det er nyttig at rektor sender ut desse felles meldingane slik at alle får informasjonen.

Det ser ut som om at det blir oppstart av basseng etter haustferien slik som vanleg.

Sak 7: Innkomne saker/infosaker

- Alderskontroll for sosiale medier. (sak meldt inn våren 2025).

Dette er noko som opptar foreldre i større og større grad. Me ynskjer å få til ei spørjeundersøking for å finne ut om dette er noko foreldra på Enge meiner må jobbast meir med. 

Skal FAU ta opp noko angåande felles reglar om mobil til ungane? 

Skjermfri barndom.

Kan skule iPad bli lagt igjen på skulen? Mange foreldre ynskjer ikkje å få iPaden med heim.

Sjekka opp med Skjold skule om korleis dei har jobba for dette.

Egen sak om dette på neste møte.

-Kriterier for søknad til trivselsfondet.

Me må legge opp til at det blir søknadsfristar rett før FAU-møtene slik at me får samla det betre og får ein betre oversikt. Informasjon om dette må gis på foreldremøtene og det kan leggast ut på kvart trinn sine facebook sider.

-Foreldre inkludering på ungdomsklubb og open hall.

Legg ut på facebook sidene til klassane frå 7. klasse og oppover om vaktlister til Open Hall.  Til våren må det og leggast ut på sida til 6.klasse slik at dei er oppskrivne til neste skuleår startar. Vakter til Open hall treng ikkje berre vere foreldre, her er det fullt mogleg for besteforeldre, tanter og onklar m.m til å melde seg til teneste.

Til neste møte:
Jobba med Trygg skuleveg. Legg inn til kvar sine klassetrinn at dette blir jobba med. Kom gjerne med innspel.
Informer gjerne klassekontaktar om møtedatoane og at søknadar til trivselsfond må vere inne før desse.

Møteplan resten av skuleåret 25/26:
    17.11.25
    02.03.26
    11.05.26

 

                            Hanne Therese Åsbø