Trivselsmidlar frå FAU – skuleåret 2026/2027

FAU Enge skule har for skuleåret 2026/2027 fått tildelt 70 000 kroner frå E-lagsfondet til tiltak som skal fremje trivsel, inkludering og fellesskap blant elevane ved skulen.

Midlane er fordelte på same måte som førre skuleår:

  • 50 000 kroner til klassetrinna (1.–10. trinn): Kvart klassetrinn kan søkje om inntil 5 000 kroner til aktivitetar og tiltak som kjem elevane til gode.
  • 20 000 kroner til Elevrådet og felles aktivitetar: Midlane skal nyttast til tiltak som fremjar trivsel og fellesskap på tvers av klassetrinna.

No kan de søkje fortløpande!  For skuleåret 2026/2027 er det ikkje lenger ein fast søknadsfrist. Klassetrinna kan søkje om trivselsmidlar fortløpande gjennom heile skuleåret, og søknadane blir handsama av FAU etter kvart som dei kjem inn.

Me oppmodar elevar, føresette og klassekontaktar til å kome med gode idear til aktivitetar og tiltak som kan skape trivsel, samhald og gode opplevingar for elevane. Tiltak der elevane sjølve er med på å planleggje og bidra, blir særleg oppmoda.

Slik søkjer de:

Send ein kort søknad til FAU med informasjon om:

  • Kva aktivitet eller tiltak de ønskjer støtte til.
  • Kven tiltaket er for.
  • Kor mykje de søkjer om.
  • Ei enkel oversikt over kva pengane skal brukast til.

FAU håpar midlane kan bidra til mange kjekke aktivitetar og gode opplevingar for elevane ved Enge skule gjennom skuleåret 2026/2027!

Mvh
Enge skule FAU
v/  Kathrine Tungesvik Matre