Legokurs på kulturskulen!

Me kan i haust tilby nokre kurs og først ut er eit 10-vekers kurs med vår eigen Gregor Gorczynski kjend frå Lego MASTERS :-)

Grzegorz "Gregor" gleder seg til å kunne fordjupa seg i eit prosjekt som går over så mange veker. Dette gjer at ein kan spore utviklinga hjå deltakarane på ein heilt anna måte enn ved enkeltståande kurs. 

Kurset er per dags dato (13. september) fullteikna i den yngste gruppa (1.-4. klasse), men det er fleire plassar tilgjengelig i gruppa med 5.-8. klassingar.

Me gler oss!