Påmelding til kulturskulen Hausten 2023

No er høgsesong for påmeldingar til fritidsaktivitetar her. Kulturskulen har løpande inntak, noko som betyr at du kan søka heile året. Det er likevel fleire fag som er fylt opp og som det er venteliste på. Difor anbefaler me at du registerer deg på venteliste allereie no og seinast 1. mai. Dette er den dagen me får oversikt over kor mange som har meldt seg ut, slik at me kan starte å "leggje kabalen" då. 

Nytt av året er at me har endra reglane for påmelding og avmelding på forskjellige vis: 

- Me har begynt med aktiv re-registering av elevar. Det betyr at elevane/føresette må gje aktiviteter beskjed om dei vil vera med vidare. Det betyr at me kan finna plass til nye elevar på eit tidlegare tidspunkt. 

- Me har og gjort det meir fleksibelt dersom ein av ulike grunnar ynskjer å slutte i kulturskulen. Før måtte ein forplikta seg til eit skoleår av gongen, medan ein no kan melda av eleven etter eit halvt år. 

I tillegg så kan de som brukarar/føresette gjere både påmelding, re-registrering og avmelding sjølve, ved å logge dykk inn med brukarnamnet og passord fra Speedadmin (som de får ved registrering av ny elev).

Velkomen som brukar av tenestene til Etne kulturskule. 

Påmelding/re-registering og avmelding: