Stor framsyning "FILM" 19. april

Etne kulturskule er begeistra over å presentere framsyninga "FILM" 19. april. Dette blir i samarbeid med Etne og Skånevik skulekorps, Enge skule og med gjesteartistar frå Skjold skulekorps!

Her blir det filmmusikk-innslag i mindre og større grupper, kunstutstilling i foajeen og eit eigeskrive skodespel frå valfaget "Produksjon for sal og scene".  Dette blir ein festkveld av dimensjonar. Vel møtt!