Stor suksess med teater

Teaterelevane strålte på scena under kulturskulen si store framsyning 10. april. I samspel med band og musikantar frå kulturskulen så blei dette ein minneverdig dag!

Dagen starta med skuleframsyning for 1.-7. klassingane frå Enge og Skånevik skule. I ein fullstappa sal - der trappene og måtte takast i bruk for å få plass til alle - fekk dei oppleva Askeladden og hans gode hjelparar som måtte ut på eventyr. Det var heilt stille i salen under denne framsyninga, så det var tydeleg at dette slo an. 

På kveldsframsyninga byta me ut det flinke 8. klassebandet vårt med andre musikantar frå kulturskulen slik at flest mogleg elevar fekk prøve seg på scenen. Dette gjekk veldig bra! Det var ein nokså fullstappa sal som fekk oppleva denne kreative 80-talsvrien på eit klassisk eventyr, utarbeida av teaterlærar Grete og elevane hennar. 

Det vart ein fantastisk festaften og ein god dag for Etne kulturskule. 

Har du lyst å melda deg inn på teater eller andre fag på kulturskulen?

➡️ noetne.speedadmin.dk for påmelding.