Fotograf: MabelAmber frå Pixabay
Har du kjent på følelsen av å ikkje strekka til? Minstebarnet gret, og du forstår ikkje kvifor. Treåringen vrir seg misfornøgd på golvet og du lurer på om du skal gi nærleik, gi etter eller setja grenser. Du er ikkje åleine om å vera usikker. Kva er det eigentleg barnet vil fortelja? Etne kommune vil legga til rette for at du som forelder skal føla deg trygg. Våre kurshalderar tilbyr kurs til deg som har barn i førskulealder.
Etne kommune tilbyr foreldrekurs i programmet Circle of Security-Parenting (COS-P), Trygghetsirkelen. Kurshalderane er godkjente COS-P rettleiarar.
Målgruppe
Foreldre busette i Etne kommune, med barn mellom 6 månadar og 6 år.
Om kurset
Circle of Security-Parenting (COS-P) er eit foreldreveiledningsprogram som er basert på 50 års forsking innan tilknytningsteori. Kurset passar for alle. Du treng ikkje oppleva foreldrerolla som vanskeleg, eller ha barn med særskilte behov, for å delta.
Føremålet med kurset er å gjera deg som forelder meir bevisst på å sjå, tolka og møta barnets behov, og at du blir oppmerksam på eigne haldningar, følelsar og handlingar i samspelet med barnet ditt. Barn kan ikkje vere med.
Kurset er gratis.
Me vil denne hausten ha parallelle kurs i Skånevik og Etne, i tidsrommet 17.00 - 19.00. Oppstart blir i Skånevik tysdag 9. september og i Etne måndag 1. september.
I Etne vil Evelyn Tvedt Øverland og Mary Ann Mannes Landa vere kurshaldarar på Etne Helsestasjon.
Hege Hansen og Laila Sævareid vil ha kursa i Skånevik barnehage.
Tidspunkt og påmelding
Følgjande datoar er sett av til kursa i Etne:
- Måndag 1. september
- Måndag 8. september
- Måndag 15. september
- Måndag 22. september
- Måndag 29. september
- Pause i haustferien
- Måndag 13. oktober
- Måndag 20. oktober
Følgjande datoar er sett av til kursa i Skånevik:
- Tysdag 9. september
- Tysdag 16. september
- Tysdag 23. september
- Tysdag 30. september
- Pause i haustferien
- Tysdag 14. oktober
- Tysdag 21. oktober
- Tysdag 28. oktober
Påmelding eller spørsmål til kurset i Skånevik kan sendast til Hege Hansen på e-post: Hege.Hansen@etne.kommune.no
Påmelding eller spørsmål til kurset i Etne kan rettast til Evelyn Tvedt Øverland på e-post: Evelyn.Tvedt.Overland@etne.kommune.no