Tilvenning i barnehagen

Når borna startar i Skånevik barnehage vil me i tett samarbeid med føresette leggja tilrette for ein trygg og god start. Me ynskjer å nytta føresette sin kunnskap om barnet, for at barnet skal bli møtt med sine behov og interesser. Me inviterar til oppstartsamtale før barnehagestart for at me skal vera best mogleg førebudd, og få utveksla viktig informasjon.

Barnehender - Klikk for stort bilde

For at barnet skal trivas og utvikla seg i barnehagen er det ein forutsetning at relasjonane barnet inngår i er prega av trygg tilknytning. Relasjonar gjer at me føler oss sett, skapar fellesskap og at ein kjenner at barnehagen er ein stad ein høyrer til. Frå me er små søkjer me å høyra til frå dei som ser våre psykologiske behov, som trøystar oss når me gret, som høyrer på oss når me er sinte, som tilbyr eit fang der ein kan vera trygg. Alle me i Skånevik barnehage skal vera slike vaksne for barna, ein base som barna kan returnera til for å oppleva tryggleik, få trøyst og nærleik. 

Kontaktinformasjon

Profilbilde av Torhild Molland
Torhild Molland
Leiar
E-post
Telefon 53 75 82 70
Mobil 97 98 01 15