I Skånevik barnehage er me ei personalgruppe på 10 stk, der dei fleste av oss har jobba i Skånevik barnehage i fleire år, noko som betyr at me er ein gjeng med lang og brei erfaring. Me ynskjer at borna som kjem til oss i Skånevik barnehage skal ha ei trygg og god kvardag, der alle opplev seg inkludert og har venner.
Me er opptatt av å ha eit mangfald av personlege egenskapar, slik at me utfyller kvarandre, og kan vera førebilete og gode rollemodellar for borna på ulike måtar. Me ynskjer at tilsette skal vera kjenslemessig engasjert og sensitivt nærverande i samspelet med barna. Dette for å kunne tolka borna sine ulike utrykk, og vera ein god støtte i samspelet med andre barn.