Ny haust - nye muligheter! Slik melder du deg inn i kulturskulen.

Etter sommaren så har forhåpentligvis både vaksne og born fått lada batteria godt. Kanskje har ein fått ekstra god tid til å tenkje på kva ein ynskjer å gjere på fritida, og me i Etne Kulturskule står klar til å ta imot deg om du ynskjer å prøve deg hjå oss!

På denne sida får ein info om både faga me tilbyr, lærarane våre og korleis ein melder seg på.  I tillegg ynskjer me å informera om at me kjem til å tilby fleire spanande, tidsavgrensa kurs dette året! Følg oss dessutan på Facebook og/eller Instagram for fortløpande info. 

 

Det å vera elev på kulturskulen handlar om livslang læring, og det er berre å melda seg på om ein er 5 eller 105. Grunnskuleelevar vil verta prioritert ved opptak, men det er fleire av faga våre som har god plass til fleire. Dette kan og vera noko for vennegrupper osv. Ta kontakt, så finn me eit tilbod til dykk :-) 

Me har for tida ledige plassar på teikning og måling, piano, teater, fiolin/bratsj og blåseinstrument. Band + gitar, trommer og bass er for tida fullteikna, men har kort venteliste. Velkommen som søkjar til Etne Kulturskule!