Satsingsområde uteliv og nærmiljø

Gjennom satsinga uteliv og nærmiljø ynskjer me å legga til rette for at borna skal få kjennskap til nærmiljøet sitt og positive erfaringar og opplevingar ute i naturen. Det kan vera i barnehageskogen eller ein av dei fine turområda me har i Skånevik. 

Trær og steinar - Klikk for stort bilde

Naturen er ein utmerka arena for leik og læring. Me er opptatt av at borna skal få vera fysisk aktive, og gje borna eit positivt forhold til natur og uteliv. Uteliv handlar om å bli glad i naturen og ha respekt for den.