Velkommen til Skånevik barnehage

Skånevik barnehage ligg i barnehagevegen. Barnehagen ligg slik til at det er mogleg å nytta fine turområder enten man vil til sjø eller til skogs. 

Hausten 2022 er me 28 born hos oss, så me har god plass både ute og inne. 
Barnehagen har eit flott uteområde med moglegheit for allsidig leik. Heilt attmed uteplassen vår har me barnehageskog som me nyttar så ofte me kan. 

Barnehagens pedagogiske plattform er "Være samen".

Det viktige her er den autoritative vaksne, som betyr at dei vaksne i vår barnehage skal vera varme i sin måte å byggja relasjonar til borna på. Samtidig er det viktig med tydelege krav og grenser. 

Me er ei personalgruppe på 10, der dei fleste av oss har jobba i Skånevik barnehage i fleire år. Noko som betyr at me er ein gjeng med lang og brei erfaring. Dei to siste åra har me hatt fokus på inkluderande barnehagemiljø og tileigna oss god kompetanse innanfor området.

Me ynskjer at borna som kjem til Skånevik barnehage skal ha ein trygg og god kvardag, der alle opplever seg inkludert og har venner, noko som årsplan for kommande barnehageår har fokus på. 

Kontaktinformasjon

Profilbilde av Torhild Molland
Torhild Molland
Leiar
E-post
Telefon 53 75 82 70
Mobil 97 98 01 15