FOS - Forum for oppvekst i Sunnhordland

Samarbeid for å styrka kompetanse og kapasitet innan oppvekstsektoren.

 

FOS er ein organisasjon som omfattar kommunane Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Sveio i Sunnhordland. Hovudmål for FOS er å samarbeida om oppgåver som vert løyste betre på regionalt nivå enn på lokalt nivå.

Vår hovudoppgåve er kompetanseheving for våre kommunalt tilsette og andre samarbeidsaktørar. Ved å samstille kvarandre gjennom felles kurs og kompetanseaukande aktivitetar sørger me for jamnt og aukande kunnskapsnivå på tvers av kommunane. Gjennom året organiserer og deltek kommunalt tilsette og andre tilknytta medlemmer på kurs, workshops konferansar som sørger for  kompetanseheving innan felt retta mot barn og ungdom.

FOS – Forum for oppvekst i Sunnhordaland