Om kommunen

Kort om Etne kommune

Etne kommune ligg sør i Vestland fylke og grensar til Kvinnherad, Odda, Suldal, Vindafjord og Sauda kommunar; dei tre sistnemnte ligg i Rogaland. Totalt flatemål er 708 kvadratkilometer og innbyggjartalet er om lag 4.000. Rundt halvparten av desse bur ved dei 2 tettstadane Etnesjøen og Skånevik.

Sjå omdømmefilmen om Etne frå 2013.

Mellom stupbratte fjell skjer den omlag 3 mil lange Åkrafjorden seg inn i landet til fleire smågrender. Grøderikt jordbruksland er kransa av fjell, fjordar og eit idyllisk øyrike.


Klikk for stort bilde Langfoss er kåra til eit av dei 10 finaste fossefalla i verda på ein kjend nettstad.
Foto: Roar Bævre 

Landbruk har i alle tider vore viktigaste leveveg i kommunen, og Etne er i dag blant dei største landbrukskommunane i Vestland. Elles har kommunen mange arbeidsplassar innanfor mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar.

Gravhaugar, helleristningar, runer og bygdeborger vitnar om eldgammal busetnad. Tilgangen på kulturtilbod og naturtilbod frå fjord til fjell er variert og god. Dette nyt reiselivet godt av, og næringa er veksande. Rundt 600 fritidshus er i dag å finne i kommunen.

Klikk for stort bilde

 

 

Skånevik sentrum
Foto: Roar Bævre

Etne er eit godt utgangspunkt for turar til byane Haugesund, Stavanger, Bergen, øyriket i Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane. Etneelva er ei av dei mest attraktive lakseelvane på Vestlandet. Fiskesesongen er frå juni til september, med utleige av fiskesoner på døgnbasis. Det er gode tilhøve for ferskvassfiske i Stordalsvatnet og i meir enn 40 fjellvatn.

Det er over 100 aktive lag og foreiningar i kommunen, så fritidstilboda er mange. I sommarhalvåret står desse bak dei fleste arrangementa som går føre seg i bygdene, der Etnemarknaden i august er største einskildarrangement. Torgdagane og Skånevik Bluesfestival er også store einskildarrangement.

Meir opplysningar om attraksjonar, historie, arrangement m.m. kan du finne mellom anna på reiselivssidene (kjem), på Skånevik nett, og hos lokalavisa Grannar.
Du kan og ringja sentralbordet i Etne kommune, tlf. 53 75 80 00.

Etne kommune er medlem i Samarbeidsrådet for Sunnhordland og Regionrådet for Haugalandet. I styra sit ordførar og kommunedirektør.

Postadresse: Etne kommune, Sjoarvegen 2, 5590 Etne

 

Nøkkeltal for Etne kommune
Objekt Faktatal
Areal 735,4 km2
Kystline 103 km
Høgaste punkt Folgefonna 1638 m.o.h.
Høgaste fjell sydom Åkrafjorden Helgedalsnuten 1443 m.o.h
Djupaste målte punkt Åkrafjorden 650 m
Innbyggjartal pr 1/1-2021 4053

 

Statistikk

Statistiske opplysningar om Etne finn du på Statistisk sentralbyrå sine nettsider

Kommunevåpen

Kommunevåpenet skal symbolisera samhaldet mellom to kommunar, Skånevik og Etne som i midten på 60-talet blei samla til ein kommune, Etne kommune.

Kommunevåpenet vart teikna teikna av Magnus Hardeland. Han døydde før arbeidet var ferdig og det blei fullført av John Digernes. Kommunevåpenet vart godkjent av Etne kommunestyre i møte den 29.06.83 og av Departementet i brev av 21.12.95.

Etne kommune sitt våpen skal vera: Kløyvt av blått og sølv med duestjertsnitt.

Etne kommune sitt flagg skal vera: Kløyvt av blått og kvitt med duestjertsnitt.

Sal av kommunepin: kr 50,- pr stk.