Frå 15. april til 15. september er det generelt forbod mot å gjera opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark.
Det er likevel tillate å gjera opp eld der det heilt openbert ikkje kan føra til brann, til dømes når bakken er dekt av snø eller etter ein lengre periode med regn. Grilling på stranda kan også vera tillate med god avstand til skog og vegetasjon. Du må alltid vurdera brannfaren på staden.
Les meir om trygg bålbrenning på Sikker kvardag.
Meld frå før du brenn
Skal du brenna tørt hageavfall, bråte, sankthansbål eller olsokbål, må du varsla Etne brann og redning på førehand. Opplys om kvar og når brenninga skal skje, og namn og telefonnummer til den ansvarlege. Dette bidreg til å unngå unødig utrykking.
Dersom brenninga ikkje er meldt inn og fører til unødig utrykking, kan du risikera å bli kravd for kostnadene brann- og redningsvesenet har med utrykkinga.
Vanleg grilling og små grillbål i trygge omgjevnader utanfor skogmark er unnatekne frå meldeplikta, så lenge brenninga er i samsvar med gjeldande reglar.
Open brenning og brenning av avfall er regulert av forskrift om open brenning og brenning av avfall i utendørs småomnar, Etne og Vindafjord kommunar. Sjå forskrifta for kva som er tillate, og kva vilkår som gjeld.
Ei melding om brenning er ikkje eit løyve. Du er sjølv ansvarleg for at brenninga er lovleg og trygg.