Farleg avfall

Omtale

Kommunen skal sørgje for at det finst mottak der du kan levere farleg avfall. Pass på at emballasjen er tydeleg merka med opplysningar om innhaldet. Farleg avfall er avfall som ikkje kan handterast saman med anna hushaldsavfall fordi det kan føre til alvorleg forureing eller skade på menneske og dyr.

Døme på farleg avfall frå hushald er:

  • Reingjeringsmiddel som inneheld farlege stoff
  • Oppladbare batteri (eiga returordning)
  • Maling, lim, lakk, løysemiddel og sprayboksar som inneheld farlege stoff
  • Materiale som inneheld asbest
  • Isolerglassruter som inneheld PCB (eiga returordningr)
  • Impregnert trevirke
  • Ulike elektroniske og elektriske produkt (eiga returordning) 

Haugaland Interkommunale Miljøverk tilrettelegg og samlar inn farleg avfall frå vår kommune.

Målgruppe

Hushald og verksemder med mindre mengder farleg avfall

Kriterium/vilkår

Kommunen si plikt avgrensar seg til å ta imot inntil 1000 kg totalt per år per avfallseigar. 

Samarbeidspartnarar

Haugaland Interkommunale Miljøverk HIM

Regelverk

Dette er ei lovpålagd teneste, sjå avfallsforskrifta kap. 11. Vedlegg 1 til kapittel 11 definerer kva for avfallstypar som er farleg avfall.

 

Forskrifter

Avfallsforskriften

Praktiske opplysninger
Kontaktinformasjon

Ansvarlig eining

Avdeling: Utvikling
Leiar: Kvalheim, Erik

Kontaktpersonar

Erik Kvalheim (Rådgjevar)

Telefon: 53 75 82 21

Mobil: 986 05 972

Epost: erik.kvalheim@etne.kommune.no