Forureining, avfall og gjenvinning

Kommunane har pliktar i høve til den lokale forureiningssituasjonen. Der finst beredskapsplan for akutt forureining, som trer i kraft ved større uhell og ulykker.

Når det gjeld lokal forureining og forsøpling, har vi tidvis einskildsaker som treng oppfølging. Der finst lovar og reglar for alle typar avfall og utslepp, for offentlege og private verksemder, industri og landbruk. Felles for oss alle gjeld at forureining og forsøpling er ulovleg utan særskilt løyve.

Ei mengde føresegner om spesialavfall, olje og kjemikaliar, avløps- og spylevatn, brenning av avfall, internkontroll, leverings- og meldeplikt, m.m. er vedteke for å skydde menneske og miljø. Innan landbruket finn vi reglar for t.d. plantevernmidlar, husdyrgjødsel og silopressaft.

Ved sidan av tilrettelegging av avløps- og slamordningar, er mykje av kommunen sitt arbeid med Forurensingsloven knytt til renovasjon og kildesortering.

Kommunane på indre Haugalandet samarbeider gjennom Haugaland Interkommunale Miljøverk (HIM)

På Haugaland Interkommunale Miljøverk sine sider om Renovasjon er nemnt kva for tilbod som finst for ulike grupper. Spørsmål om ordningane, påmelding for heimekompostering, o.l. kan gjerast til HIM.

Linkar:

Miljøverndepartementet. Forurensing

Miljøstatus i Norge

Miljødirektoratet

Grønt Punkt

Norsk Glassgjenvinning 

Statistisk sentralbyrå - Avfall (mengder, typer, m.m.)