Slik søker du

Før du set i gang må du veta litt om kor omfattande byggeprosjektet ditt skal vera. Har du eit mindre byggeprosjekt kan du ofte både bygge og søke sjølv, mens i større prosjekt må du kanskje bruke fagpersonar i heile søknads- og byggeprosessen.

Slik søker du:
 

1. Sjekk planar og reglar 

Før du startar å bygge må du sjekke kva planar og reglar som gjeld for eigedommen din. Ta kontakt med kommunen dersom du er i tvil om du har lov til å bygge. 

Planar og reglar for din eigedom finn du i kommunekart  

2. Skriv ut situasjonskart og teikn inn det du skal bygge

Eit situasjonskart er eit kartutsnitt av eigedommen. Når du søker om eit tiltak, treng du eit kart for å teikne inn kva du skal bygge. Bruk målestokk 1:500 eller 1:1000, og sett inn avstand til eigedomsgrense og nærliggjande bygg.

3. Bestill naboliste

Når du har samla alle dokumenta du treng i byggesøknaden din, må du varsle naboar. Bestill naboliste på post@etne.kommune.no.

4. Send ut nabovarsel ut frå motteken naboliste

Du kan gjera dette manuelt eller digitalt

5. Send inn søknad

Fyll ut alle felt i søknadsskjemaet. Sørg for at du legg ved alle dokument og vedlegg som kan vera relevant for byggesøknaden din. Alle dokument og vedlegg må sendast som separate filer. Send søknad til post@etne.kommune.no

Eller bruk digitale løysingar for å sende inn byggesøknad 

Aktuelle søknadsskjema

Kva kostar det?

Sjå sida for Betalingssatsar

Når får eg svar på søknaden?

Behandlingstid på byggesaker utan dispensasjon er vanlegvis 3 veker. For byggesaker med dispensasjon er behandlingstida 12 veker. Uttalefrist på 4 veker kjem i tillegg.

Avkjørsel eller bygge langs offentlig vei

Om det er nødvendig å få godkjent avkjørsel fra offentlig vei må dette være avklart og godkjent før søker. Godkjenning må ligge ved byggesøknaden. Send søknad om avkjørsel her

Planlegger du å sette opp en bygning langs veien må du søke om tillatelse. Send søknad om dispensasjon fra byggegrenser her