Etter pbl § 19-2 kan dispensasjon gjevast dersom omsyna bak reglane det vert dispensert frå, eller omsyna i føremålsbestemmelsen til lova (pbl § 1-1) ikkje vert vesentleg tilsidesett. I tillegg må fordelane ved å gje dispensasjon vera klårt større enn ulempene etter ei samla vurdering.
Dei to vilkåra i pbl § 19-2 er såkalla kumulative vilkår. Det vil sei at begge må oppfyllast før kommunen kan vurdera om dei skal gje dispensasjon.
Ved dispensasjon frå lova og forskrifter til lova skal det etter pbl § 19-2, 3. ledd verta lagt særleg vekt på kva for konsekvensar dispensasjonen kan få for helse, miljø, tryggleik og tilgjengelegheit.
Ved vurderinga av om det skal gjevast dispensasjon frå arealplan skal statlege og regionale rammer og mål verta særleg vektlagt. Sjå pbl § 19-2, 4. ledd.
Når du skal søkja om dispensasjon bør du grunngje den med tilhøve som er spesielle for di sak. Generelle argument som mange andre også kan koma med, vil normalt ikkje leggjast særleg vekt på. Det kan likevel vera viktig at du også gjer greie for desse. Har du argument som tel positivt for omsynet bak regelen du søkjer dispensasjon frå, vil det vera til din fordel. Argument som er knytt til meir personlege tilhøve slik som til dømes; behov for større plass, reint personlege tilhøve som sjukdom eller liknande, eller at dispensasjonen er naudsynt som ledd i eit arveoppgjer har ofte ikkje avgjerande vekt i dispensasjonsvurderinga. Slike omsyn kan berre i avgrensa omfang leggjast vekt på, sidan arealbruk vert fastlagt i eit livslangt perspektiv, medan eigartilhøva på staden vil kunne vera skiftande. Individuelle omsyn som sosialmedisinske, personlege eller sterke menneskelege omsyn kan nokon gonger «tippa vektskåla» for dispensasjon der det ikkje er andre tilhøve som talar tyngre mot ein dispensasjon. Personlege ynskjer om ein bestemd utnytting av ein eigedom kan i nokre tilfelle vera i samsvar med dei omsyn plan- og bygningslovgjevinga er sett til å ivareta. Døme på dette er der dispensasjonen fører til at bygget eller uteopphaldsarealet får betre funksjonalitet, eller der dispensasjonen vil gje betre arkitektonisk kvalitet.