Endre bruken av eit bygg

KORT FORTALT

Skal du bruka bygget eller delar av det til noko anna enn det det er godkjent til? Vil du gjera loft eller kjellar om til soverom eller stove, eller vil du gjera eit kontor om til bustad? Då må du søkja om bruksendring.

Vegvisar for bruksendring

Direktoratet for byggkvalitet har laga ein fin rettleiar som hjelper deg vidare. Her finn du også lenkje til rett søknadsskjema. 

Her finn du vegvisaren

Boligdugnad

Nettsiden boligdugnaden.no er ei offentleg rettleiing til privatpersonar som skal leiga ut.

Krigen i Ukraina har sendt mange på flukt. Talet på flyktningar som kjem til Noreg gjer at behovet for utleigebustader er stort. For å gjera det enklare for privatpersonar å leiga ut bustad har Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) laga nettsida boligdugnaden.no.

Her får du råd som gjer at du kan leiga ut bustaden din (boligdugnad.no)