Naturfarar i bygge- og eigedomssaker

Etter plan- og bygningslova § 28-1 kan grunn berre byggast ut eller eigedom opprettast eller endrast dersom det er tilstrekkeleg tryggleik mot fare eller vesentleg ulempe som følgje av natur- eller miljøforhold. Det same gjeld for grunn som blir utsett for fare eller vesentleg ulempe som følgje av tiltak.

Tilstrekkeleg tryggleik er nærare presisert i byggteknisk forskrift (TEK17) kapittel 7, der det vert skild mellom ulike naturfarar og ulike typar byggverk.

Krav til trygg byggegrunn gjeld også for tiltak som ikkje er søknadspliktige. Før du sender inn ein søknad eller set i gang eit byggjetiltak, må du sjekke om byggegrunnen er trygg.

Bekk som fløymer over - Klikk for stort bilde
Mykje vatn ved ABC Studio - Klikk for stort bilde