Krav til utforming av situasjonsplan i byggesøknader

Eit situasjonskart er eit basiskart som tiltakshavar/søkjar nyttar som prosjekteringsgrunnlag for deling av eigedom og plassering av tiltak. 

Ein situasjonsplan er eit situasjonskart der det planlagde tiltaket er teikna inn. Situasjonsplanen skal vere fagmessig utført. Situasjonsplanen skal mellom anna dokumentere at tiltakets plassering er innanføre rammene som er fastsett i eller i medhald av plan- og bygningslova. Danne eit grunnlag for kontroll av foreslått plassering og vera underlag for utstikking av godkjent plassering i terrenget. Den skal og utgjere rapporteringsgrunnlag for offentleg kartverk og gi relevant informasjon til naboar og gjenbuarar ved varsling

Følgjande opplysingar skal kome fram i situasjonsplanen: 

  • Gardsnummer, bruksnummer på eigedomen og dei naboane og gjenbuar-eigedomane som er råka av tiltaket. 
  • Eigedomsgrenser
  • Reguleringsplanlinjer (plangrenser, formålsgrenser, byggegrenser, senterlinje veg). 
  • Høgdekurver påført kotehøgd
  • Nordpil
  • Målestokk
  • Rutenett med koordinatar
  • Teikn inn i den grad det er relevant – opplysingar om tiltakets planlagde plassering og minste avstand i høve til: 
    o    Nabogrenser
    o    Nærliggjande bygningar på egen og/eller naboeigedom
    o    Vegmidte (senterline veg)
    o    Høgspentliner
    o    Vann- og avlaupsleidningar
    o    Eventuelt anna av betydning for tiltaket

-    Alle avstandar skal målast i frå yttervegg

Teikn også inn – i den grad det er relevant for søknaden: 

  • Plassering og utforming av avkøyrsel/tilkomst
  • Frisiktliner for utkøyrsel på offentleg veg
  • Vegens stigningsforhold inne på eigedomen
  • Tilknyting til vatn- og avlaupsnett
  • Biloppstillingsplass og eventuell snumoglegheit på eigen eigedom
  • Uteopphaldsareal
  • Møneretning
  • Nye koteliner i tillegg til eksisterande, dersom tiltaket fører til endringar i terrenget. Dei nye kotelinene skal teiknast inn med stipla strek
  • Støttemurar, skjeringar og fyllingar i samband med terrengendring
  • Dersom søknaden gjeld endring av eksisterande bygning eller del av bygning, syner ein dette med fargar eller skraver. 
  • Dersom søknaden gjeld tiltak i eksisterande bygning eller del av bygning, skal ein syne tydeleg kva som er eksisterande og kva som blir nytt. 
  • Syner situasjonskartet ein bygning som allereie er revet, set ein inn tekst om «revet» på den aktuelle bygninga. 
  • Dersom søknaden gjeld riving av eksisterande bygning, set ein «skal rives» på den aktuelle bygninga, 
  • Eventuelt forslag om frådeling av eigendom må innteiknast med målsatt forslag til nye grenser.
  • Ved søknad som omfattar fleire bueiningar skal det innteiknast forslag til felles uteareal som for eksempel leikeplass, opphaldsareal, plassering av søppelkasser/sykkelstativ og privat gangveg.


Ein kan anten bestille situasjonskart eller lage sitt eige som vist i knappane over.