Formål
Klarlegging av eksisterande grenser, der eigedomsgrensa er uklar eller manglar grensemerke og ikkje er oppmålt tidlegare. Grenser som ikkje er oppmålt tilhøyrer eigendomar som er etablert før 1980, og der eigendomen er beskrive med skylddeling. Etne kommune har mange eigendomar der ein ikkje veit kvar grensa går i kartet.
Kven kan søkje?
Grunneigar, festar, advokat, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som er gitt fullmakt kan krevje klarlegging av eksisterande grenser. I dei tilfelle der eit firma er eigar av eigendomen, eller har fullmakt, må det leggast ved firmaattest av nyare dato. Den som ved rettskraftig dom er kjent som eigar eller festar, eller er tilkjent rett til å krevje at eit bestemt grunnstykke eller anlegg blir oppretta som eigen matrikkeleining.
Søknad skal innehalde:
- Søknadsskjema: Rekvisisjon av oppmålingsforretning og skjema "Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring"
- Alle heimelshavarar til den aktuelle eigendomen skal skrive under
- Kart som viser klart kva for grenselinjer som skal klarleggast. (Gå til Kommunekart.com)
- Kopi av dokument som beskriver grensegang for aktuell eigendom (skylddelingspapir eller anna dokument)
Send søknaden til:
Etne kommune, Sjoarvegen 20, 5590 Etne eller e-post til: post@etne.kommune.no
Saksbehandlingstid:
- Kommunen har 16 veker frist til å utføre klarlegging.
- Når det gjeld tidsfrist, stopper tida opp dersom rekvirent må skaffe tilleggsopplysningar for at klarlegginga skal kunne gjennomførast. Tida startar igjen når tilleggsinformasjon er kommen inn.
Saksgang – varsling – oppmålingsforretning – matrikkelbrev / underretning
- Dato for oppmålingsforretning blir avtalt med rekvirent. Naboar og andre partar til eigendomen blir varsla minst 2 veker før oppmålingsforretning. Kortare varsel enn to veker kan avtalast.
- Skriftleg fullmakt frå heimelshavar om andre skal møte for denne.
- Under oppmålingsforretninga er det partane sjølv som påviser eigne grenser i samsvar med søknad. Oppmålingsmyndigheiter er styrar og opptrer som nøytral part, men skal hjelpe til med å kontrollere at grensepåvising skjer i samsvar med søknad, tinglyste målebrev, skylddeling og andre relevante saksdokument.
- Nytt/nye grensepunkt blir merka med godkjende grensemerke, og målt inn med GPS/ totalstasjon.
- Det blir ført protokoll under forretninga. Denne skildrar kva som er utført og avtalt under oppmålingsforretninga.
- Etter at oppmålingsforretninga er gjennomført, blir klarlagt grenselinje ført inn i matrikkelen.
- Rekvirent får tilsendt matrikkelbrev, og dei andre partane får tilsendt en underretning.
Klarlegging av eksisterande grenser krev ikkje tinglysing.
Klage:
Klarlegging av eksisterande grenser kan klagast på av parter. Det er tre veker klagefrist frå den dato ein har mottatt matrikkelbrev eller underretning jf.§ 46 i matrikkelloven
Pris:
Sjå gjeldande gebyrregulativ for Etne kommune
Retting i matrikkelen
Oppmålingsmyndigheitene tilrår ikkje retting i kartet utan rekvisisjon av oppmålingsforretning, da kvaliteten på grensegangen framleis vil vera dårleg.
Dersom du har planar om å sende inn byggesøknad, vil du bli pålagt å få utført ei klarlegging av dine grenser, før denne blir godkjent.
Det kan likevel utførast retting i matrikkelen for grenselinjer som er teikna feil i kartet. Det er eige søknadsskjema for dette, Krav om retting av feil og manglar i matrikkelen (PDF, 120 kB) (PDF, 205 kB)
Alle partar må signera på skjemaet. I tillegg må det leggast ved eit kart som viser partane sine rette eigedomsgrenser og med kopi av dokumentasjon. Denne tenesta er gratis.