Du kan få hjelp frå fysioterapeut for å førebygge og for å behandle sjukdom og/eller skade. I den kommunale fysioterapitenesta er fysioterapeuten anten tilsett av kommunen eller har ein driftsavtale med kommunen.
Du treng ikkje henvisning frå lege for å gå til fysioterapeut.
Etne fysioterapi og trening tek i hovudsak inn alle som har anledning til å møte opp hos fysioterapeut i Etne. I Skånevik er tilsvarande oppfølging med kommunalt tilsett fysioterapeut. Dersom du har behov for oppfølging i heim, tek du kontakt med kommunalt tilsette fysioterapeutar som tilpassar oppfølginga for deg. Du kan få oppfølging aleine eller i gruppe. Tenesta er ein del av kommunen sitt tverrfaglege habiliterings- og rehabiliteringstilbod, og blir òg tilbode i sjukeheim.
Gjennom året tilbyr me ulike gruppetreningar:
- Hjarte- og lungegruppe (tidlegare KOLS-gruppe)
- Balansegruppe
- Parkinsongruppe
Me er også opne for andre grupper, så meld gjerne inn behov.
Ta kontakt med fysioterapitenesta dersom du ynskjer meir informasjon/delta på nokon av desse.
Sist endret 23.06.2026 15:49