Kva er BrukarPlan?
Brukarplan er eit helseregister med opplysningar om personar som har rusmiddelproblem og/eller psykiske helseproblem og som mottek kommunale tenester.
For kommunen er Brukerplan eit verktøy som gjev kunnskap om kva behov personar med rusmiddelproblem og/eller psykiske helseproblem har. Informasjonen frå Brukerplan blir nytta til å planleggje kva tenester kommunen skal tilby i framtida.
I Brukarplan blir opplysningar om alle registrerte tenestemottakarar samanstilte for å få ein oversikt over det samla behovet i kommunen. Registrering i Brukarplan blir ikkje brukt til individuell oppfølging av deg i ettertid, og påverkar ikkje kva tenester du mottek av kommunen.
Kva opplysningar samlast inn om deg?
Opplysningane som blir registrerte om deg i Brukarplan, baserer seg på ei vurdering frå dei som kjenner deg best i den tenesta som sende deg dette brevet. Opplysningane er konfidensielle. Namn og adresse blir ikkje registrerte. Fødselsnummer vert registrert mellombels.
Følgjande opplysningar blir registrerte i Brukarplan:
- Bakgrunnsopplysningar som fødselsår, kjønn, fødeland, utdanning og arbeidserfaring
- Informasjon om korvidt du bur åleine eller saman med andre
- Informasjon om omsorg for barn
- Ei vurdering av livssituasjonen din, inkludert økonomi, meiningsfull aktivitet, busituasjon,
fysisk helse, psykisk helse, rusmiddelbruk, sosial fungering og nettverk - Kommunale tenester du har motteke i løpet av det siste året
- Kommunale tenester du kan ha behov for det kommande året
- Kva personar i kommunen som har gjort registreringa
Kva rettar har du?
Du har:
- Rett til å reservere deg mot registrering i Brukerplan.
- Rett til å sjå kva som er registrert om deg.
- Rett til å få uriktige opplysningar om deg sjølv korrigerte.
- Rett til å be om at informasjon om deg blir sletta.
Gje beskjed til tenesta som gav deg dette brevet dersom du vil reservere deg, eller benytte deg av ein av dine andre rettar. Du treng ikkje fortelje kvifor du ønskjer å bruke rettane dine. Bruk av rettane påverkar ikkje samarbeidet mellom deg og kommunen.
Har du teke imot dette informasjonsbrevet frå ei anna teneste nyleg? Dersom du er i kontakt med fleire tenester i kommunen, kan det skje at fleire tenester sender deg informasjonsbrev og registrerer informasjon om deg. Dersom du vil reservere deg, held det å seie ifrå til éi av tenestene du er i kontakt med. Dersom du vil benytte deg av dei andre rettane, må du gje beskjed til kvar enkelt teneste som har sendt deg brev. Berre den tenesta som har registrert opplysningar om deg, kan gje deg innsyn i, rette eller slette opplysningane som er registrerte om deg. Dette er for å hindre at informasjon om deg blir delt mellom tenestene.
Kva skjer med opplysningane?
Helse Stavanger har fått oppdraget med å drifte Brukarplan. Opplysningane som blir registrerte i Brukarplan, blir behandla i eit samarbeid mellom kommunane og Helse Stavanger. Kommunen registrerer opplysningane og sender dei vidare til Helse Stavanger.
Reservasjon, retting, sletting og innsyn er berre tilgjengeleg fram til dato under «Informasjon frå din kommune» nedanfor. Same dato overfører kommunen opplysningane til Helse Stavanger utan fødselsnummer, og dataa blir sletta på sida til kommunen.
Helse Stavanger lagar statistikk og rapportar som gir kommunen oversikt over tenestebruk og -behov. Opplysningane kan også brukast til forsking. Opplysningane som blir brukte til rapportering og forsking, kan ikkje knytast direkte til deg. Opplysningane som er overførte til Helse Stavanger, blir sletta seinast etter 10 år.
Kommunen er behandlingsansvarleg for di eiga behandling av personopplysningane. Helse Stavanger er behandlingsansvarleg for opplysningane som blir overførte frå kommunen. Opplever du at opplysningane ikkje blir behandla i samsvar med regelverket, kan du vende deg til personvernombodet (PVO) i Helse Stavanger, Datatilsynet eller Statens helsetilsyn. For meir utfyllande informasjon om Brukerplan, sjå personvernerklæringa vår på Brukerplan.no.
Informasjon til deg i Etne kommune
Frist for reservasjon, innsyn, retting og sletting: Kontakt: Leiar i tenesta du har nærast kontakt med eller kommunekontakt for brukarplan tlf: 92 64 66 73.
