Søknad om å bli støttekontakt

Den viktigaste oppgåva ein støttekontakt har er å motivera og leggja til rette for sosialt samver og ei meiningsfull fritid.

Den viktigaste oppgåva ein støttekontakt har er å motivera og leggja til rette for sosialt samvær og ei meiningsfull fritid. Støttekontaktane skal medverka til å byggja nettverk og førebyggja isolasjon og einsemd. Dei skal fungera som brubyggjarar mellom tenestemottakar og ulike aktivitetar.

 

Å vera støttekontakt passar for deg som ynskjer å dela tida di med andre, og som ynskjer å utføra eit meiningsfullt og godtgjort engasjement på gjennomsnittleg 3 timar i veka pr. brukar. Løn etter gjeldande tariff.

Søkjarar skal i hovudsak vera fylt 18 år, men i nokre tilfelle kan søkjarar frå fylte 16 år også vera aktuelle for oppdrag.

I Etne kommune har me behov for støttekontaktar. Er det aktuelt for deg å bli støttekontakt, så send inn ein søknad!

Søknadsskjema - Søknad om å bli støttekontakt

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret for helse og omsorg
Telefon 53 75 81 49

Post- og besøksadresse:
Sjoarvegen 2, 5590 Etne