Avdeling for personar med demens
Langtidsopphald for personar med demens
Langtidsopphald i avdeling for personar med demens, er for deg med eit omfattande behov for helse- og omsorgstenester som ikkje kan bli gitt forsvarleg i heimen din. Det vil til ei kvar tid vera tilknytt personell og det er tilrettelagt for felles måltid og felles opphaldsrom.
Dersom behovet ditt endrar seg og du ikkje lenger nyttiggjer deg av miljøterapi og skjerming, eller det somatiske hjelpebehovet ditt vert omfattande, blir flytting til somatisk avdeling vurdert.
Tiltakspakke demens
Tiltakspakke demens er ei strukturert, fagleg og individuelt tilpassa oppfølging til deg som har fått ein demensdiagnose. Målet er at du skal få bu lengst mogleg i eigen heim, og at du og dine pårørande skal oppleva tryggleik og støtte. Du kan sjølv ta kontakt med demenskoordinator eller bli tilvist via fastlege, sjukehus eller andre helseføretak. Tenestene som blir gitt som del av tiltakspakke demens, kjem i tillegg til eventuell anna oppfølging frå helse- og omsorgstenesta.
Demenskoordinator
Demenskoordinator skal sikre oppfølging og støtte til deg som har ein kognitive utfordringar, er under utgreiing for dette og/eller har fått demensdiagnose. Samt oppfølging og samhandling med dine pårørande. Demenskoordinator samhandlar med spesialisthelsetenesta og hjelper deg med å samordna tilboda og tenestene dine.