Avdeling for somatikk

Langtidsopphald i institusjon

Langtidsopphald i institusjon er for deg med eit omfattande behov for helse- og omsorgstenester som ikkje kan bli gitt forsvarleg i heimen din. Det vil til ei kvar tid vera tilknytt personell og det er tilrettelagt for felles måltid og felles opphaldsrom. Målgruppa for langtidsopphald er først og fremst eldre.

Avlastningsopphald institusjon

Eit avlastningsopphald i institusjon er eit tidsavgrensa opphald der ein person får tilbod om pleie og omsorg i ein institusjon, for å gi pårørande nødvendige pausar frå det daglege omsorgsarbeidet. Føremålet er å førebygge overbelastning hjå dei pårørande og sikre at den som treng omsorg, får nødvendige tenester i ein periode.

Korttidsopphald i institusjon

Korttidsopphald i institusjon er for deg som midlertidig har eit omfattande behov for helse- og omsorgstenester som ikkje kan gis forsvarleg i heimen din, eller som ventar på anna tenestetilbod. Opphaldet skal bidra til at du kan bu i eigen bustad lengst mogleg. Det vil til ei kvar tid vera tilknytt personell og det er tilrettelagt for felles måltid og felles opphaldsrom.

Rehabiliteringsopphald i institusjon

Rehabiliteringsopphald er eit opptreningsopphald for deg som har fått eit redusert funksjonsnivå grunna sjukdom eller skade. Opphaldet skal bidra til at du kan bu i eigen bustad lengst mogleg. Det vil til ei kvar tid vera tilknytt personell og det er tilrettelagt for felles måltid og felles opphaldsrom.

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret for helse og omsorg
Telefon 53 75 81 49

Post- og besøksadresse:
Holmavegen 24, 5590 Etne

Anita Gravelsæter Melkeraaen
Leiar
E-post
Mobil 40 40 94 44