Heimebaserte tenester

Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er eit tilbod til deg som har behov for helse- og omsorgstenester i heimen. Tenesta blir ytt i din eigen bustad heile døgnet, og kan tildelast alle aldersgrupper.

Formålet med tenesta er å gje deg naudsynt og forsvarleg helsehjelp, og bidra til at du skal kunna bu i eigen bustad så lenge som mogleg.

Praktisk bistand / heimehjelp

Praktisk bistand er eit tilbod til deg som treng hjelp til reingjering og andre grunnleggjande praktiske oppgåver. Målet er at du skal vere i stand til å bu heime lengst mogleg. Ved behov vil ein prioritera den som har betydeleg helsesvikt, og/eller er avhengig av omfattande hjelp i heimen for å førebyggja innlegging i institusjon.

Kreftkoordinator

Kreftkoordinator skal sikre oppfølging og støtte til deg som har ein kreftdiagnose og dine pårørande. Kreftkoordinator samhandlar nært med spesialisthelsetenesta og hjelper deg med å samordne tilboda og tenestene dine. Kreftkoordinator har særleg fokus på ivaretaking av barn som pårørande og gir tilbod om undervisning til tilsette. Tenestene som blir gitt av kreftkoordinator kjem i tillegg til eventuell anna oppfølging frå helse- og omsorgstenesta.

Kontaktinformasjon:
Unni Nordtveit Jamne
Spesialsykepleier
E-post Unni.Nordtveit.Jamne@etne.kommune.no
Telefon 53 75 81 68
Mobil 41 56 77 70

Kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering er eit tilbod til deg som treng rehabilitering og førebygging, der målsettinga er auka livskvalitet og eigenmestring i eigen heim.

Kvardagsrehabilitering er ei intensiv og tidsavgrensa teneste. Fokuset er trening i daglege gjeremål i heimen. Eit tverrfagleg team som består av fysioterapeut, ergoterapeut og sjukepleiar gjer ei systematisk kartlegging, og det blir i samarbeid med deg utarbeida mål som du synest er viktig å meistre i din kvardag.

Teamet samarbeider med heimetrenarar i heimetenesta, og vil i lag med deg arbeida for å nå måla.

Matombering

Matombering er eit tilbod for deg som er heimebuande og ikkje klarer å laga varm mat til deg sjølv. Du får ferdiglaga middagsmat levert på døra, varm eller kald for oppvarming i heimen. Tilbodet skal bidra til at du kan bu heime og likevel få dekka behovet for sunn, god og næringsrik mat. Du kan få levert mat ein eller fleire dagar i veka for ein kortare eller lengre periode.

Velferdsteknologi

Velferdsteknologi i pleie og omsorg er tekniske løysingar som skal bidra til å gjera kvardagen tryggare og enklare for brukarar og pårørande. Det kan for eksempel vere tryggleiksalarmar, elektronisk tilsyn, medisindispenser eller varsling ved fall. Slik teknologi kan hjelpe brukarar til å meistre meir sjølv, bu heime lenger og få betre tryggleik og livskvalitet.

Informasjonsbrosjyre velferdsteknologi (PDF, 580 kB)

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret for helse og omsorg
Telefon 53 75 81 49

Post- og besøksadresse:
Holmavegen 24, 5590 Etne

Vibeke Skjold Heggebø
leiar
E-post
Telefon 53 75 81 44