Informasjon om opphald ved omsorgssenteret

Velkommen til Etne omsorgssenter!

Økland foto

 

Etne omsorgssenter har 33 institusjonsplassar fordelt slik:

  • Avdeling 1 har 10 plassar for personar med demens
  • Avdeling 2 har 20 plassar for korttid, rehabilitering og langtid
  • 3 omsorgsbustadar i første etasje vert nytta til institusjonsopphald

 

Besøk 

Me har besøkstid heile dagen. Pasientrom, foajeen eller uteområdet skal nyttast ved besøk. Utanom opningstida skal porttelefon ved hovudinngang nyttast for å koma inn.

Møblement

Korttidsopphald inkluderer enkelt møblement. Ved langtidsopphald møblerer du rommet sjølv. Ved møblering skal det takast omsyn til reinhald, plass til hjelpemidlar og evakuering. Det er ikkje høve til å ha golvteppe eller henge opp inventar på vegg. Pårørande må syte for reinhald av privat møblement på rommet.

Tv, aviser og internett 

Det er tv på alle pasientrom. Utan abonnement får du tilgang til NRK-kanalane. Dersom du ynskjer fleire kanalar må du ha eige abonnement (Rikstv). Aviser og blader abonnerer du på sjølv. Omsorgssenteret abonnerer på eit eksemplar av Grannar og Haugesund Avis. Du kan nytte trådlaust nett (wifi) på omsorgssenteret. For tilgang må du signere på retningslinjene før utlevering av kode. Besøkjande skal nytte gjestenett.

Vask av privatklede

Korttidsopphald: Privatklede skal vaskast av pårørande.
Langtidsopphald: Privatklede vert vaska av tilsette i avdelinga.

Pårørande har ansvar for innkjøp og merking av klede. All tekstil må vera merka med namn, tole maskinvask (min. 60*) og ikkje farga av. Tekstilar som fin ull og silke bør bli vaska av pårørande. Kommunen erstattar ikkje tøy som forsvinn eller vert øydelagt. Ta kontakt med avdelinga for å få råd om praktiske klede og merking.

Hygieneartiklar

Kommunen held elementære såper og kremar. Du må sjølv syte for anna utstyr og toalettartiklar som du ynskjer å nytte. Tannkost/ krem må du halde sjølv.

Legetilsyn

Det er legetilsyn tysdag og torsdag. Ynskjer du/ dine pårørande samtale med lege kan det takast kontakt med avdelinga for avtale.

Fysio- og ergoterapi

Tenesta vert tildelt etter ditt behov.

Andre helsetenester

Ved planlagt undersøking hjå tannlege/ spesialisthelseteneste set me pris på om pårørande følgjer. Alternativ er å få følgje av frivillige.

Verdisaker

Det er ynskjeleg at du har litt lommepengar tilgjengeleg. Større beløp vert oppbevart i eige låsbart rom med rekneskap, ta kontakt med avdelinga. Omsorgssenteret tek ikkje ansvar for verdisaker du oppbevarer på rommet ditt.

Velferdsteknologi

Velferdsteknologi vert nytta ved omsorgssenteret. Målet er at du skal oppleva tryggleik, kunna bevege deg friare og oppleve gode tenester. Teknologien som vert nytta er blant anna:

  • Alarmsmykke for å tilkalle hjelp. Ved å trykke på knappen får tilsette melding om kven som tilkallar hjelp og kvar denne personen oppheld seg
  • Sensorteknologi kan nyttast dersom du sjølv ikkje kan tilkalla hjelp. 
  • Roommate er eit kamera som er plassert på alle rom og som gjer det mogeleg for digitale tilsyn. Meir informasjon finn du på https://www.roommate.no

Du vil få informasjon og spørsmål om samtykke til at dette kan bli nytta. Du kan når som helst trekkje tilbake samtykket.

Velvære

Det er tilbod om frisør og fotpleie ved omsorgssenteret som du kan nytte mot betaling. Romma kan nyttast kostnadsfritt av deg saman med dine pårørande til fotpleie eller hårpleie.  

Samarbeid med pårørande

For å kunne gi deg eit individuelt tilpassa tilbod, er det viktig med eit godt samarbeid med deg og dine pårørande. Du vil få oppnemnt primærkontaktar som vil følgje deg gjennom opphaldet. Du vel ein person som vert din ”næraste pårørande”. Det er denne personen me tek kontakt med og som formidlar informasjon vidare til andre pårørande.

Brukar- og pårøranderåd

Formålet med rådet er å sikre god dialog og godt samarbeid mellom pasientar, pårørande og tenesta. Innspel til rådet kan meldast til rådet/ avdelinga.

Tilbakemelding

Det er først og fremst ynskje om direkte tilbakemelding til avdelinga der du bur. Alternativt kan tilbakemelding gis via «ris- ros» postkassa som heng i foajeen.

Sosiale media

Me ynskjer å vera synlege i sosiale media ved å dele frå kvardagen vår. Du vil få informasjon og spørsmål om samtykke før bildet av deg vert nytta til dette formålet.

Røyking

Det er ikkje høve til å røyke inne på omsorgssenteret eller ved hovudinngangen. Det er berre høve til røyking på tilviste plassar.

Betaling

Betaling for opphald vert regulert av politisk vedtatt taksthefte. For langtidsopphald eller korttidsopphald over 60 dagar vert betalinga rekna ut etter inntekta og dine personlege økonomiske forhold, du får eige betalingsvedtak.

Lov om likestilling og forbod mot diskriminering

Me tilbyr gode, tilpassa helsetenester til alle, 
uavhengig av alder, kjønn, bakgrunn eller funksjonsevne. Me jobbar aktivt mot rasisme og diskriminering av pasientar, pårørande og tilsette. 
Våre tilsette speglar mangfaldet i samfunnet, 
og ressursane i dette mangfaldet skal bli verdsett og nytta.