Velferdsteknologi - Lokaliseringsteknologi

Lokaliseringsteknologi er velferdsteknologiske hjelpemidlar som kan brukast til å gje informasjon om kor du er om du har behov for bistand. Tenesta vert fortrinnsvis tildelt som ein mobil tryggleiksalarm der du sjølv kan trykka på knappen om du har behov for hjelp. Det vil då bli oppretta tovegs tale. Den kan også setjast slik at det vert sendt varsel om du beveger deg utanfor eit område som me har blitt einig om.

Lokaliseringsteknologi skal hjelpe deg å meistra kvardagen betre, slik at du kan få større grad av meistring, friheit og tryggleik. Velferdsteknologi skal alltid vurderast som førsteval i tildeling av tenester.

Lokaliseringsteknologi er for deg som

  • har behov for helse- og omsorgstenester og lokaliserings teknologi kan erstatta, utsetja eller supplera andre helse- og omsorgstenester
  • har ein demens diagnose eller anna kognitiv svikt, og det er fare for at du ikkje finn vegen heim att
  • har pårørande eller andre som er engstelege for at du ikkje skal finna vegen heim att eller du har pårørande som treng avlasting
  • det er forventa at hukommelsen din gradvis vil endra seg og du har behov for å lære deg å bruke lokaliseringsteknologien tidleg
  • dersom du sjølv ikkje har samtykkekompetanse skal lokaliseringsteknologi
    • vere nødvendig for å hindra eller avgrensa at du skadar deg
    • vere i di interesse og du motset deg det ikkje
    • vere det minst inngripande tiltaket for deg
    • vere sannsynleg at du ville tillate tiltaket

Lokaliseringsteknologi er ikkje for deg som

  • ikkje har samtykkekompetanse og tenesta er ikkje forsvarleg for deg
  • allereie har private ordningar som fungerer og du har ikkje behov for kommunal hjelp for å ivareta behova dine

Når du har fått lokaliseringsteknologi kan du og dine pårørande forventa

  • du får god opplæring og informasjon
  • du får ein prøveperiode med god oppfølging der ein testar ut om dette er rette hjelpa for deg
  • du vil få individuell tilpassing av lokaliseringsteknologien etter dine behov
  • hjelpa vil bli evaluert
  • at me saman verte einig om rutinar for varsling og lading av lokaliseringsteknologien. Pårørande kan hjelp til med dette om det er forsvarleg og i di interesse

Økonomi

Dersom tenesta vert vurdert som ei helse- og omsorgsteneste er det gratis

Aktuelt regelverk

Lokaliseringsteknologi vert tildelt som ei helse- og omsorgsteneste

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret for helse og omsorg
Telefon 53 75 81 49

Post- og besøksadresse:
Sjoarvegen 2, 5590 Etne