Alle mellom 6 og 15 år som er busett i Etne kommune får tilgang til Fritidskortet. I 2026 gjeld det barn som er fødd mellom 2011 og 2020.
Opprett fritidskonto og hent pengene her
Sysken får eit fritidskort kvar. Pengane på fritidskortet høyrer til kvart einskild barn, og pengane kan ikkje overførast til søsken eller andre barn.
Påloggingsbilete for registrering av ny brukar FritidskortetFor å hente ut Fritidskortet må du oppretta ein brukar på etne.aktiv-fritid.no
Klikk på "Ny bruker", og opprett ein brukar. Brukar er som oftast den føresette. Det er e-postadressa di som blir brukarnamn. Mottar du ikkje aktiveringskoden på e-post, sjekk søppelposten. Dersom du er over 13 år og har moglegheit til å logge inn med ID-porten, kan du gjera dette sjølv. Dersom du er under 13 må ein forelder/føresett med lik bustadadresse som deg gjera det.
Etter du har fått oppretta brukar, så legg du til barnet som har rett på fritidskort. Dette gjer du ved å klikka på “Ny person”. Dersom du har fleire barn med rett til fritidskort, gjentar du dette. Hugs å ha klar heile fødselsnummeret til alle barn som skal få kort.
Fritidskortet kan brukast på organisert aktivitet til kontingent eller eigenandel for deltaking på arrangement og cupar.
Ein organisert aktivitet skal vera planlagt med eit program, ha ein leiar som styrer aktiviteten og ha minimum 6 treffpunkt i halvåret.
Ordninga med det lokale fritidskortet i Etne startar med ein prøveperiode på to år, 2024 og 2025.
Prosjektet finns fordi barn har rett til å delta i fritidsaktivitet, og det er både politikarar, kommune og det frivillige organisasjonslivet einige om. Det er grunnen til at Fritidserklæringen vart laga. Dette prosjektet er ein del av arbeidet med å nå måla i Fritidserklæringa.
For å kunne sørga for at alle i riktig målgruppe får tilgang til sitt Fritidskort, får bruka det slik målet med prosjektet er, og at berre dei sjølv og/eller deira føresette får moglegheit til å styra bruken av barnets Fritidskort, må me samla inn og lagra nokre personopplysningar. Personopplysningane me nyttar er namn, bustadadresse, fødselsnummer, kontaktinformasjon, saldo og historikk på det aktuelle Fritidskortet og i nokre tilfelle kontonummer. Når ein betalar faktura med fritidskortet, kan me også ta kontakt med laget/organisasjonen for å få stadfesta at barnet er betalt medlem i laget/organisasjonen.
Dette gjeld berre for dei som vel å registrera seg i den nye digitale plattforma og ta i bruk sitt/sine barns Fritidskort - me hentar ikkje opplysningar om andre frå målgruppa før familien sjølv aktivt registrerer seg og godtek vilkåra for handsaming av personopplysningar.
Du kan bruka fritidskortet til å betala fakturaer for medlemskontingent og/eller eigenandel til cup, stemne og turnering. Når fakturaen frå lag og organisasjonar kjem, legg de inn kontonummer og evt. KID og inntil 900 kroner av fakturaen blir betalt. Resten betalar de på vanleg vis via nettbank, med same bankkonto og KID, men berre restbeløpet.
Dersom du alt har betalt faktura for medlemskontingent og/eller eigenandel til cup, stemne eller turnering, så kan du få refusjon for inntil 900 kroner. Registrer kontonummer utbetalinga skal gå til, og hugs å legge ved kvittering for betalt beløp. Dersom det skal leggast ved meir enn eit vedlegg, må du hugse å markera alle vedlegg/filer i filvelgaren samtidig.