Stipend til unge talent

Formål:

Å støtta og motivera unge talent, anten individuelt eller som lag/gruppe, innan kultur og idrett i Etne kommune.

Målgruppe:

  • Barn og unge mellom 13 og 25 år
  • Må vere busett(e) i Etne kommune eller ha sterk tilknyting til Etne kommune
  • Kan søkjast individuelt eller via føresette/lag

Kriterium for tildeling:

  • Viser stort engasjement og utviklingspotensial innan kultur (t.d. musikk, kunst, dans, film, teater, litteratur) eller idrett
  • Har mål og planar for vidare utvikling (t.d. deltaking på samlingar, kurs, meisterskap)
  • Har behov for økonomisk støtte til utstyr, kurs, reiser eller anna relevant aktivitet

Søknad skal innehalda

  • Kort presentasjon av søkjar
  • Kva ein ønskjer å bruka stipendet til
  • Dokumentasjon frå trenar/lærar/mentor

Støtteomfang:

  • Eitt stipend innan kultur og eitt innan idrett årleg
  • Kvart stipend kan vera på inntil kr 10 000,- (justerbart etter år og søkjargrunnlag)
  • Kan fremjast av organisasjonar, lag, enkeltpersonar eller politikarar.
  • Skal vera skriftlege og grunngjevne, med dokumentasjon der det er relevant.

Forslag til kandidatar:

Søknadsfrist 20. januar 2026

Søknad 

Etne formannskap gjer vedtak om kven som blir tildelt stipend og storleik på stipendet (maks. 10 000 kroner). Utdelinga skjer på ordføraren si mottaking på nyåret.

Meir informasjon:
Vedtak kommunestyret (PDF, 110 kB)
Vedtekne kriterium (PDF, 132 kB)