Dagsturhytta

 

Skilt om bompenger på Rus - Klikk for stort bilde

Etne si dagsturhytte blei offisielt opna i oktober 2022, og den ligg fritt og luftig på Leiteshaugen med fantastisk utsikt i alle retningar. Du køyrer opp Rusvegen, ein relativt bratt grusveg med parkeringsplass på toppen. Det kostar kr 40 som du kan betala med Vipps eller kontant i kassen nedst i vegen. Frå parkeringsplassen på Rus til hytta tar det 15-20 minuttar å gå. Turen frå parkeringsplassen på Rus til hytta tar 15-20 minutt.

 

Dagsturhytta er gratis tilgjengeleg for alle døgnet rundt. Hytta er eit kjekt turmål både i godver og regn. Ute er det trinn og lune terrassar der du kan sitja. Inne er det benker, hems, store vindaugo og omn du kan fyra i. Her kan du eta matpakka di, varma (evt. tørke) kroppen ved omnen og kosa deg med bøker frå hyttebiblioteket. Hytta har også toalett.

Som namnet seier er dette ei DAGsturhytte, og det er ikkje tillete med overnatting.

Dagsturhytta er di! Bruk hytta så ofte du vil. Og hugs at det også er alle andre si hytte, så respekter at andre kan bruke hytta mens du er der; og forlat hytta slik du vil finna den sjølv.

Meir informasjon om turen til Dagsturhytta: Etne kommune - Leiteshaugen - Vestland fylkeskommune