Kommunalt aktivitetstilskot (tidl. driftstilskot) til frivillige organisasjonar

Tilskotet skal stimulera til frivillig aktivitet som fremjar fellesskap, folkehelse og meistring med særleg vekt på barn og unge.

Tilskot blir gitt og fordelt etter reviderte retningsliner vedtekne hausten 2026 etter høyring. 

Kven kan søkja?

Organisasjonar som driv fast aktivitetstilbod i kategoriane under, og som er 

  • registrerte i Frivilligregisteret i Brønnøysund
  • er opne for alle
  • har eit demokratisk valt styre og gjennomfører årsmøte
  • har minst 10 medlemmer/faste deltakarar i målgruppa (kan avvikast i særlege tilfelle)
  • oppfyller kravet om faste aktivitetar for målgruppa

For lag/organisasjonar med fleire undergrupper er det berre hovudlaget som kan vera søkjar og få tilskot til den samla verksemda. Interkommunale lag og organisasjonar får tilskot i høve til det medlemstalet dei har i kommunen.

Kva aktivitetar kan få støtte?

  • Barne- og ungdomsarbeid
  • Idrett og skyting
  • Musikk
  • Anna frivillig arbeid (Faste aktivitetar innafor mangfald, inkludering, fysisk aktivitet, folkehelse og andre ueigennyttige tilbod og tiltak)

Sjå meir informasjon om vilkår og fordelingsmodell:

Barne- og ungdomsarbeid_aktivitetstilskot.pdf (PDF, 499 kB)
Idrett og skyting_aktivitetstilskot.pdf (PDF, 499 kB)
Musikk_aktivitetstilskot.pdf (PDF, 499 kB)
Anna frivilleg arbeid.pdf (PDF, 492 kB)

Søk tilskot:

Søknadsfrist 2026: 15. april

Ha klar vedlegg og informasjon som skal følgja med søknaden:

  • Årsmelding godkjent av årsmøtet 
    Faste aktivitetar må omtalast der; eventuelt på ekstra vedlegg
  • Årsrekneskap godkjent av årsmøtet
  • Signert årsmøteprotokoll
  • Medlems/deltakartal i 2025
    Skal fyllast ut direkte i søknadsskjemaet, men må kunna dokumenterast på førespurnad

Dersom årsmøtet blir avvikla etter 15. april, kan dokumentasjonen ettersendast.

Søknadsskjema

Kontaktinformasjon

Mariann Sydnes
Leiar
E-post
Telefon 53 41 48 26
Mobil 92 40 10 86
Liv-Kari Bødtker
Konsulent
E-post
Telefon 53 41 48 27
Mobil 41 54 92 52