Kunnskapsprøven - alkohollova

KORT FORTALT

Styrarar og avløysarar for sals- og skjenkjeløyve må ha dokumentert kunnskap om alkohollova. Dette kravet blir oppfylt ved at du består kunnskapsprøva.

Omtale

Det er to typar kunnskapsprøvar:

  • Kunnskapsprøve for salsløyve i butikk
  • Kunnskapsprøve for skjenkeløyve på serveringsstad


Kunnskapsprøva i alkohollova er ei fleirvalsprøve med eit tilfeldig uttrekk av spørsmål frå ein database. Du vil få 60 minutt til å svare på prøva. For å få bestått prøve må 24 av 30 svar vera rette.

Ta kontakt med service- og fellestenester på tlf. 53758000 for å avtala time. Ta med gyldig legitimasjon når du skal avleggja prøva.

Pris

Det kostar kr. 400,-  å avleggja kunnskapsprøva.

Kva er pensum?

  • Pensum for salsløyve: Kunnskap om alkohollova, kapittel 1,3,7,8 og 9 og alkoholforskrifta sine kapittel 1, 2, 3, 5, 6, 8, 9, 10, 11 og 14.
  • Pensum for skjenkeløyve: Kunnskap om alkohollova, kapittel 1, 4, 5, 7, 8 og 9 og alkoholforskrifta,  kapittel 1, 2, 4, 5, 6, 8, 9, 10, 11, og 14.
  • Pensum for skjenkekontrollørar: Kunnskap om alkohollova , kapittel 1, 3, 4, 5, 7, 8 og 9 og alkoholforskrifta,  kapittel 1, 2, 3, 4, 5, 6, 8, 9, 10, 11 og 14.


Boka "Kunnskapsprøven i alkoholloven" inneheld det du treng å vita før du gjennomfører kunnskapsprøven i alkohollova for salsløyve og for skjenkeløyve. Boka "Kunnskapsprøven i alkoholloven" kan du kjøpa på vinn.no

Målgruppe

Styrarar og avløysarar i verksemder som har eller søkjer om sals- eller skjenkjeløyve

Regelverk

Sjå alkoholforskriften kapittel 5  Kunnskapsprøve

Forskrifter

Alkoholforskriften