Psykosisial støtte i krise
Ved akutt krise har innbyggjarane i Etne kommune krav på psykososial støtte. Tiltaket er eit lågterskeltilbod utan krav om søknad.
Psykososial støtte i kriser er tilgjengeleg via legevakt på tlf. 116 117 heile døgnet.
Det kan vera behov for psykososial støtte til personar som:
- blir etterlaten etter plutselege dødsfall som sjølvmord, mord eller ulykke
- har vore utsett for ulykke, brann, ran eller liknande der andre instansar ikkje har ansvar for å gi oppfølging
Kva hjelp kan du få?
- samtalar med tilsette med utdanning innan psykisk helsearbeid
- omfanget av samtalane er 1-5 timar
- ved behov for vidare oppfølging kan det søkjast om samtalar via rask psykisk helsehjelp