Kulturmiljøplan

  1. Forord
  2. Viktige omgrep og definisjonar
  3. Del 1 Innleiing
    1. 1.1. Kvifor skal me ha ein kulturmiljøplan?
    2. 1.2. Nasjonale mål for forvaltninga av kulturminne
      1. 1.2.1. Hovudmål
      2. 1.2.2. Delmål
    3. 1.3. Om planarbeidet
      1. 1.3.1. Avgrensing
      2. 1.3.2. Status for kulturminne og registreringar i Etne
      3. 1.3.3. Kva er det lagt vekt på i planen?
      4. 1.3.4. Klassifisering
      5. 1.3.5. Oppbygging av planen
      6. 1.3.6. Kjeldebruk
      7. 1.3.7. Samanheng med kommuneplanen
      8. 1.3.8. Samanheng med andre planar
      9. 1.3.9. Utfordringar framover
    4. 1.4. Aktørar og ansvarsdeling i kulturminnevernet
      1. 1.4.1. Etne kommune sitt ansvar og rolle
      2. 1.4.2. Eigarar av kulturminne
      3. 1.4.3. Dei frivillige organisasjonane
      4. 1.4.4. Musea
      5. 1.4.5. Fylkeskommunen
      6. 1.4.6. Statleg mynde og ansvar
      7. 1.4.7. Lovverk: Plan- og bygningslova og kulturminnelova
  4. Del 2 Kunnskapsgrunnlaget
    1. 2.1. Kulturminne og kulturmiljø i historisk og tematisk samanheng
    2. 2.2. Historisk oversyn
    3. 2.3. Kulturminne frå før reformasjonen / Arkeologiske kulturminne
      1. 2.3.1. Terrasselandskapet i Etne
      2. 2.3.2. Gravminne
      3. 2.3.3. Helleristningar
      4. 2.3.4. Bautasteinar og steinkrossar
      5. 2.3.5. Bygdeborger
      6. 2.3.6. Vardar og vetar
      7. 2.3.7. Ferdslevegar
      8. 2.3.8. Klebersteinsbrot
      9. 2.3.9. Kyrkjestader
      10. 2.3.10. Gjenstandar frå forhistorisk tid
    4. 2.4. Nyare tids kulturminne (etter reformasjonen)
      1. 2.4.1. Handels- og gjestgjevarstader, tettstader
      2. 2.4.2. Kulturminne i landbruket sitt kulturlandskap
      3. 2.4.3. Kulturminne i fjellet
      4. 2.4.4. Bruken av vassdraga
      5. 2.4.5. Industri, handverk og småindustri
      6. 2.4.6. Sjøbruk
      7. 2.4.7. Kommunikasjon og samferdsle
      8. 2.4.8. Tru og kyrkje
        1. 2.4.8.1. Kyrkjene i Etne
        2. 2.4.8.2. Bedehus
      9. 2.4.9. Bergverk og gruveverksemd
      10. 2.4.10. Reiseliv
      11. 2.4.11. Offentlege bygg
      12. 2.4.12. Organisasjonsliv og forsamlingshus
      13. 2.4.13. Kulturminne knytt til personar og historier
      14. 2.4.14. Forsvars- og krigsminne
      15. 2.4.15. Kulturminne frå etterkrigstida
  5. Del 3 - Planforslaget
    1. 3.1. Grunnlag for prioriteringar
    2. 3.2. Eksterne planar og rapportar som omfattar kulturminne i Etne
      1. 3.2.1. Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA)
      2. 3.2.2. Regional kystsoneplan for Sunnhordland og Ytre Hardanger
      3. 3.2.3. Regional kulturplan
      4. 3.2.4. Konsekvensutgreiing E134 Bakka-Solheim Kulturminne
    3. 3.3. Forvaltning av kulturminne
      1. 3.3.1. Arkeologiske kulturminne
      2. 3.3.2. Nyare tids kulturminne
      3. 3.3.3. Forvaltning av freda og listeførte kyrkjer
      4. 3.3.4. Kva saker skal sendast til fylkeskommunen?
    4. 3.4. Registrerte kulturminne - verdisetting og verdivekting
      1. 3.4.1. Automatisk freda kulturminne
      2. 3.4.2. Vedtaks- og forskriftsfreda kulturminne i Etne
      3. 3.4.3. Registrert i Askeladden, men ikkje freda
      4. 3.4.4. Prioriterte kulturminne i kulturmiljøplanen - verneklassar
      5. 3.4.5. Kriterium som ligg til grunn for verdivurderinga:
      6. 3.4.6. Forvaltning av kulturminne i verneklassane A – C:
    5. 3.5. Verkemiddel for vern av kulturminne
  6. Del 4
    1. 4.1. Innsats overfor eigarar av kulturminne
      1. 4.1.1. Informasjon
      2. 4.1.2. Rådgjeving og kunnskapsformidling
      3. 4.1.3. Økonomiske verkemiddel
      4. 4.1.4. Andre verkemiddel
    2. 4.2. Bruk og formidling
      1. 4.2.1. Vern gjennom bruk
      2. 4.2.2. Kulturminne som del av samfunns- og næringsutvikling
      3. 4.2.3. Tilgjenge og formidling
      4. 4.2.4. Nettstader med oversikt over kulturminne
    3. 4.3. Tiltak
      1. 4.3.1. Tiltaksplan - vedlegg 7
      2. 4.3.2. Rullering
    4. 4.4. Konsekvensar
      1. 4.4.1. Ressursar og økonomi i kommunen
      2. 4.4.2. Konsekvensar for eigarane
  7. Kjelder og bakgrunnsmateriale
  8. Vedlegg
    1. 1 Arkeologiske kulturminne
    2. 2 Retningsliner
    3. 3 Oversikt over omsynssoner (klasse A)
    4. 4 Liste over verneverdige kulturminne (klasse B)
    5. 5 KULA-rapport
    6. 6 Kart
    7. 7 Tiltaksplan

Viktige omgrep og definisjonar

Kulturminne er alle spor etter menneska sitt  liv og virke i det fysiske miljøet. Omgrepet omfattar også stader det knyter seg historiske hendingar, tru eller tradisjon til. Naturelement som har kulturhistorisk verdi er òg kulturminne, eller kan inngå som del av eit kulturminne. Kulturminne kan til dømes vere bygningar, hagar, gravhaugar, helleristningar, båtar eller vegfar. Desse kan vere frå tidlegare tider eller frå vår eiga tid. Me skil mellom lause og faste kulturminne.

Kulturmiljø: Område der kulturminne går inn som del av ein større heilskap eller samanheng.  Naturelement med kulturhistorisk verdi kan vere ein del av eit kulturmiljø. Kulturmiljø kan til dømes vere eit tettstadsmiljø, ei stølsgrend, eit område med sjøbruksbygningar eller eit industriområde med fabrikkar og bustader. I meld. St. 16 “Nye mål i kulturmiljøpolitikken” har Regjeringa innført omgrepet «kulturmiljø» som ei samlande nemning som dekker omgrepa «kulturminne, kulturmiljø og landskap» og blir brukt når feltet blir omtala som ein heilskap.

Eit freda kulturminne er eit kulturminne som myndigheitene gir så stor verdi at det må sikrast for ettertida. Eit freda kulturminne er automatisk freda eller vedtaksfreda. Ei freding er den strengaste forma for vern. Det vil seie at inngrep/endringar må godkjennast av myndigheitene. Lovene som blir brukte ved freding i dag, er kulturminnelova og svalbardmiljølova.

Verneverdig er ikkje ein absolutt verdi. Alle kan tilskrive noko kulturminneverdi. I plansamanheng er likevel «verneverdig kulturminne» eit kulturminne som har gjennomgått ei kulturhistorisk vurdering og er identifisert som verneverdig. 
Dei mest verneverdige kulturminna er av nasjonal verdi. Det er først og fremst desse som er freda etter kulturminnelova. Kulturminne kan også ha regional eller lokal verdi. Normalt vil det vere kommunane som sikrar vern av slike kulturminne ved hjelp av plan- og bygningslova. Det er hovudsakleg desse kulturminna planen omfattar. Dei fleste verneverdige kulturminne er ikkje formelt verna etter kulturminnelova eller plan- og bygningslova. Mange blir likevel tekne vare på fordi dei blir oppfatta som verdifulle av eigarar og brukarar.

Listeførte kulturminne: Ein annan måte å markere verneverdi på, kan vere listeføring. Døme på slike lister er Riksantikvaren si fartøyliste og lista over bevaringsverdige norske kyrkjer. I samband med kulturmiljøplanen er det laga lokale lister over kulturminne som i planen er definerte som lokalt verneverdige (klasse B), men som ikkje har eit formelt vern gjennom Plan- og bygningslova.

Kulturminneregister

SEFRAK-registeret
SEFRAK (forkorting for Sekretariatet For Registrering Av faste Kulturminne) er eit landsdekkande register over alle bygningar og restar etter bygningar frå før år 1900. I samband med denne registreringa vart det gjort feltarbeid i alle kommunar i åra 1973 – 1995. Dette er eit generelt kulturhistorisk register der det ikkje er gjort nokon vurderingar av verneverdi for dei einskilde objekta. Hordaland fylkeskommune har digitalisert Sefrak-materialet for Hordaland.

Askeladden
Den offisielle databasen over alle freda kulturminne og kulturmiljø i Norge heiter Askeladden. Basen inneheld data frå tidlegare fornminneregister, fredingsregister og kyrkjeregister. Databasen er tilgjengeleg via internett for offentleg forvaltning og forskingsinstitusjonar, og er i ferd med å bli utvida til å omfatta alle prioriterte kulturminne i kommunalt vedtekne kulturmiljøplanar. Informasjonen vil bli gjort tilgjengeleg gjennom publikumstenesta Kulturminnesøk (kulturminnesok.no), som òg omfattar kulturminne utan formell vernestatus.