Statped overfører kompetanse til PPT Etne og Vindafjord

PPT har denne veka hatt besøk av rettleiar Anne Moen frå Statped, som har gitt kontoret opplæring i bruk av refleksjonsverktøyet inkluderande praksis. Dette verktøyet er som del av opplæringa til PPT og prøvd ut på Sandeid oppvekstsenter.

Ni damer som er tilsette ved PPT-kontoret - Klikk for stort bildeDei tilsette ved PPT kontoret i Etne/Vindafjord er godt nøgde med opplæringa i refleksjonsverktøyet til StatPed. Silje Hoel Mikkelsen

No ser PPT fram til å få presentert resultata frå kartlegginga for leiing og tilsette på oppvekstsenteret. Saman med PPT vil Sandeid oppvekstsenter velje ut kva kjerneområde ein må jobbe med å utvikle, for å gje ei inkluderande og tilpassa opplæring for alle born og elevar.

Vindafjord og Etne godt i gong med kompetanseløftet 

Vindafjord kommune har saman med Etne kommune, kome godt i gang med «Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis». Kompetanseløftet starta hausten 2020 og skal vare i fem år. Det omfattar tilsette i barnehagar og skular, pedagogisk-psykologisk tjeneste og andre tjenester som inngår i laget rundt barn og elevar. 
Du kan lese meir om kompetanseløftet her.

Statped sine oppgåver i framtida skal konsentrerast om dei barna og elevane som har størst behov for spisskompetanse. Dette omfattar vanskar som er komplekse og/eller varige. 
Du kan lese meir om Statped og kompetanseløftet her. 

Kompetanseløftet skal bidra til at kommunar og fylkeskommunar er i stand til sjølv å oppdaga, tilretteleggja og vurdera behov for tilpassa tilbod og særskilt tilrettelegging for alle barn og elever. Det er gjennomført lokal kartlegging og utarbeida ein felles handlingsplan på bakgrunn av kartlegginga, for Kompetanseløftet i Vindafjord og Etne kommune. 
Denne finn du på Vindafjord kommune si nettside. 

PPT skal som del av Kompetanseløftet, bidra til at skular og barnehagar får auka sin kompetanse på høgfrekvente vanskar, slik at ein skal kunne leggje betre til rette for eit inkluderande læringsmiljø for alle. Målet er at alle skal oppleve å vere ein naturleg del av fellesskapet. Det blir viktig å sjå det spesialpedagogiske i samanheng med det allmennpedagogiske. PPT skal også gje støtte til organisasjonsutvikling, slik at skular og barnehagar utviklar gode støttesystem og tidleg innsats knytt til dei barna og elevane ein er uroa for.

Statped er ein viktig ressurs i kompetanseløftet, både lokalt og nasjonalt. Dei skal bidra til eit kompetanseløft for kommunar og fylkeskommunar, slik at dei sjølv kan gje alle barn og elevar inkluderande og tilpassa opplæring og særskilt tilrettelegging. Statped har utvikla to refleksjonsverktøy for inkluderande praksis, eit for skule og eit for barnehage. Verktøyet kartlegg skulen og barnehagen sin inkluderande praksis. Dette er eit verktøy som me i PPT Etne og Vindafjord har søkt om å få tilgang til, og i desse dagar er i ferd med å få opplæring i. Dette er eit verktøy som vil kunne gje skular og barnehagar ein oversikt over kva områder det må jobbast med, for å gje alle barn og elevar ei inkluderande og tilpassa opplæring i skular og barnehagar.

Artikkelliste