Jordvern på agendaen

Etne kommune var i år godt presentert på årets plankonferanse i Bergen, med eige innlegg om jordvern i kommuneplan.

Deltakarar på konferanse - Klikk for stort bildeJordvernkonferanse

Forrige veka gjekk årets plankonferanse i regi av Vestland fylkeskommune av stabelen. Med fullteikna arrangement var 300 deltakarar klare for to dagar med nasjonale mål og føringar om klima, natur og arealbruk. 

Blant innlegga var NMBU, Klimapsykologene, Miljødirektoratet, Distriktssenteret, kommunal- og distriktsdepartementet, og Etne kommune. Ja, du høyrde rett: i år var Etne kommune v/Utvikling på plass for å halde innlegg på ein av parallellsesjonane onsdag. Tema var bestemt på førehand: «Slik arbeidar vi med jordvern i arealplan». 

Gjennom vår nye kommuneplan har nemleg Etne kommune vist seg å vere ein av dei beste døma på jordvern for tida. Eileen P. Selland fekk gleda av å presentere arbeidet som Kristine Ebne og Erik Kvalheim har stått i bresjen for dei siste åra. 

Deltakarar - Klikk for stort bildePublikum var meir enn villige til å stilla opp på felles selfie for å promotera jordvern på tvers av digitale media. Eileen P. Selland