Vassmålaravlesing

For å effektivisera innsamling av vassmålaravlesingar tek kommunen i bruk SMS-varsling.

Vassmålar - Klikk for stort bilde

Varsel vil bli sendt på SMS til mobiltelefonen din i dei tilfella der me har registrert nummeret ditt eller ved at du har registrert deg i offentlege register.

Varslingssystemet er integrert i vår fagsystem for kommunale eigedomsgebyr som gjer at kommunen raskt kan varsla rett person i forhold knytt til eigedommar i kommunen. Me varslar tinglyst eigar av eigedommen.

I samband med vassmålaravlesing har me høve til å overstyra utsending av SMS. Dvs. me vil for enkelte eigedommar berre senda ut avlesingskort. I tillegg vil det bli sendt ut avlesingskort der me ikkje finn mobilnummer.

Ved feil

Viss du får ein sms som du meiner er sendt til feil nummer, ber me deg om ikkje å svara på denne. I tillegg må den som får ein feilsend sms sjekka opplysningane sine i dei offentlege registra og 1881.
Løysinga fungerer ikkje som ein innbyggjardialog. Det er ingen manuell oppfølging

Kan me nå deg?

Det finst 2 ulike register ein kan velja å registrera seg i for at me skal nå deg (Her kan du også kontrollera om du allereie er registrert). I tillegg gjer me eit siste forsøk ved å gjera oppslag på 1881.no

  1. Oppdater kontaktinformasjon
    I dette felles nasjonale kontaktregisteret tilrår me å leggja inn både mobiltelefon og e-postadresse då mange førespurnader frå det offentlege vil gå føre seg her i framtida. Dette på lik linje med sjølvmeldinga som de kanskje er kjende med frå før.
  2. varslemeg.no som er eit tilleggsregister berre kopla opp mot Varsling24 og varslingssystemet til kommunen

Bedrifter

Bedrifter må registrera nøkkelpersonar ved å gå inn på linken varslemeg.no då telefonnummer til bedrifter ikkje kan hentast frå andre kanalar.

Kommunen vil ved neste utsending av varsel nytta det mobilnummeret du svarte via, eller evt. det mobilnummeret du oppgir saman med avlesinga på www.leseav.no, eller som du oppgir på svarslippen.
Har du spørsmål ta kontakt med oss på tlf. 53 75 80 25.