AdobeStock_321460657
– No tek me eit viktig steg for digitaliseringa i våre 15 kommunar. Når me lanserer vår eigen KI-assistent, får om lag 10.000 brukarar tilgang til ei felles plattform som er utvikla for å gjere det enklare å utforske, lære og ta i bruk generativ kunstig intelligens i ein kommunal kvardag, seier Lars Tveit, leiar for DigiNH i Region Nordhordland IKS.
Dei 15 kommunane som er med i digitaliseringssamarbeidet er Alver, Aurland, Austevoll, Austrheim, Etne, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Samnanger, Sveio, Tysnes, Vaksdal og Vindafjord. Kommunane Alver og Gulen har vore pilotar og har hatt tilgang til KI-assistenten i ein månad.
– Det som gjer dette ekstra spennande er ikkje berre teknologien i seg sjølv, men krafta i samarbeidet. Når 15 kommunar går saman om å utvikle og ta i bruk ei felles generativ KI-plattform, skaper me større gjennomføringsevne, meir deling av erfaringar og betre føresetnader for å lykkast, seier Tveit.
I samband med utrullinga av verktøyet får tilsette opplæring i trygg, riktig og god bruk av KI. Det er òg laga eigne retningslinjer for kva verktøyet kan og ikkje kan brukast til.
KI-assistenten Veten er bygd på den opne plattforma LibreChat. KI-assistenten er bygd med integrasjon mot både KI-tenestene til OpenAI og Mistral, og gir kommunane eit felles utgangspunkt for å ta i bruk ny teknologi på ein meir strukturert og framtidsretta måte. På sikt skal Veten kunne kople seg til fleire ulike KI-tenester etter kvart som dei vert tilgjengelege. Der norske KI-tenester er eit alternativ, skal Veten koplast til desse.
– Fordi kommunane sjølve eig plattforma, kan me tilpasse den etter norske forhold og behova våre, til dømes kan vi prioritere funksjonar som er nyttige for kommunale tenester. Vi kan òg tilpasse løysinga til norsk lovverk, og unngår å binde oss til ein leverandør, seier Jo Tømmerbakke, styreleiar i IKT Nordhordland og kommunedirektør i Modalen kommune.
– Som kommune har vi særleg ansvar for å handtere data trygt. Ved å bygge vår eiga plattform får vi betre kontroll på kvar data blir lagra og behandla. Vi kan sette tydelege rammer for bruk av interne og eksterne kjelder, og vi sikrar at vi følger personvernregelverket og interne retningslinjer, fortset Tømmerbakke.
Det er også økonomiske fordelar for kommunane ved å ta i bruk det eigenutvikla verktøyet framfor å betale lisens for dei utanlandske KI-assistentane.
– Vi ønsker at generativ KI skal vere ein trygg og sikker arbeidsreiskap for alle tilsette – ikkje berre for ei mindre gruppe. Ved å bygge vår eigen KI-assistent kan vi gi tilgang til heile organisasjonen, til ein pris kommunen kan bere over tid, seier Tømmerbakke.
KI-assistenten som blir tatt i bruk denne veka er berre starten. Arbeidet med å vidareutvikle Veten til å hjelpe kommunane med å løyse fleire oppgåver, er allereie i gang.
– Me gler oss til å sjå korleis Veten kan bidra til innovasjon, læring og betre tenester i kommunane våre når me skal utvikle plattforma vidare med agentar og integrasjon til kommunale data og løysingar, seier Tveit.
Fakta:
- Formålet med å utvikle ein eigen generativ KI-plattform er å sikre at kommunane i størst mogleg grad bruker KI via eigen, trygg og sikker plattform.
- Generativ KI er nemninga på den typen kunstig intelligens som skaper nytt innhald, som til dømes tekst og bilete.
- KI-assistenten Veten er bygd på den opne plattforma LibreChat. KI-assistenten er bygd med integrasjon mot både Open AI og Mistral, med moglegheit for integrasjon til fleire KI-modellar.
- I samband med utrullinga av KI-assistenten er det laga opplæring for alle dei tilsette i kommunane, som skal sikre trygg, rett og god bruk av KI-assistenten.
- Namnet Veten er spel på det vestnorske ordet veit, som betyr varde eller signalplass, og verbet «å vete».
- I første omgang blir KI-assistenten rulla ut til dei 15 kommunane som inngår i digitaliseringssamarbeidet IKTNH.
- På sikt skal KI-assistenten rullast ut til ytterlegare 13 kommunar som inngår i IKT-samarbeida IKT Nordfjord og SYSIKT. Totalt vil då 28 kommunar i Vestland få tilgang til ein eigen plattform for generativ KI.
- Målsetjinga er at KI-plattforma blir den første i landet med nynorsk grensesnitt.