17. november hadde me gleda av å samla alle som jobbar med born og unge til ein felles utviklingsdag
Samhandling er viktig for at me skal lukkast i arbeidet rundt born og unge og me hadde difor invitert PPT til å starta dagen med å seia korleis deira rolle er i samhandlinga rundt born og unge.
PPT er meir ute i einingane våre og skal også vera meir med i det førebyggjande arbeidet og i utviklingsarbeidet i våre einingar.
Det blei også ein presentasjon av arbeidet så langt i evalueringa av vår rettleiar knytt til skulefråvær.
Resten av dagen var sett av til Pål Roland og fokus på kvalitet og relasjonar. Temaet for dagen var korleis me kan styrka kvaliteten i arbeidet vårt gjennom gode interaksjonar og relasjonar. Nokre hovudpunkt frå dagen:
- Kvalitet og interaksjonar: Gode relasjonar mellom vaksne og barn er grunnlaget for læring og trivsel. Kvalitet handlar om å vera til stades, visa omsorg og ha struktur.
- Å setja grenser: Klare og trygge rammer gir born føreseielegheit. Grenser skal vera tydelege, men formidla med respekt og varme. Det blei ein gjennomgang av 7 foreldrestilar og teori rundt dette.
- Reaktive og proaktive handlingar: Me må balansera mellom å handtera situasjonar som oppstår (reaktivt) og å førebyggja utfordringar gjennom planlegging og gode rutinar (proaktivt).
- Banking Time: Ein metode for å styrka relasjonen til born gjennom korte, positive og uforstyrra samspelstunder. Dette byggjer tillit og tryggleik.
- Stress og handtering av stress: Stress påverkar både vaksne og born. Me må vera medvitne om eigne reaksjonar og bruka strategiar for å skapa ro og tryggleik i kvardagen.
- Sosial og emosjonell læring: Å hjelpa born med å forstå og regulera eigne kjensler er ein viktig del av inkluderande praksis og trivsel.
Pål Roland snakka ein del om grenser og den gode vaksne, både i eining og heim. Han la vekt på at dei viktigaste åra var fram til skulestart. Me veit at me i tida som kjem skal leggja forholda godt til rette for øving i sjølvregulering i våre einingar. Dette handlar om å læra våre born å bli gode til å regulera seg sjølv, kjenna seg sjølv slik at ein unngår at det kokar over. Me skal nå arbeida vidare med treet vårt og laga til øvingar slik at alle får trena godt.

Takk til alle som deltok og bidrog til gode refleksjonar og diskusjonar. Samarbeid og kompetansebygging er nøkkelen til å skapa eit trygt og utviklande miljø for barn og unge.

Publisert 18.11.2025 13:52
Sist endret 18.11.2025 14:11