3. dose for alle over 65 år

FHI har endra tilrådinga for 3. dose Koronavaksine for alle over 65 år. 

Ein treng nå ikkje venta 6 fullgåtte månader før ein tar dose 3. Det er vurdert å vera tilstrekkeleg med 5 månader tidsintervall mellom dose 2 og dose 3. 

Dette gjeld berre for dei over 65 år.

Ein håpar derfor at alle over 65 år får tatt 3. dose Koronavaksine før jul.

Det skal gå minst ei veke mellom influensavaksine og Koronavaksine.

Det er ope for timebestilling for alle over 65 år på nett:  Etne Kommune | ReMin

Vil du heller sende ein sms eller ringe så gjer du det på følgande nummer:  913 44 955  (open på telefon 08.30-10.00 alle kvardagar)


Vaksinekontoret