Administrasjonen på flyttefot – ny plassering frå 28. mai
Kommunen sin administrasjon er no i gang med å flytta ut frå Tinghuset grunna oppgradering av bygget. Den offisielle flyttedagen er sett til onsdag 28. mai, og det vil difor vere noko uro i organisasjonen i denne overgangsperioden.
Administrasjonen vil du nå finne både i Sjoarvegen 20 og Holmavegen 24.Fleire einingar flyttar samtidig, inkludert helse, kultur, kvalitet og personal, økonomi og lønn. Dette betyr at tilsette i desse avdelingane i ein periode kan vere litt "her og der", medan dei etablerer seg på nye arbeidsplassar.
Trass i flyttinga vil telefonlinjene vere opne og fungerande, slik at publikum framleis kan få kontakt med kommunen. Hovudnummeret er 53 75 80 00.
Du kan og bestille tid hos sakshandsamar i booking-kalenderen vår.
Frå og med 28. mai vil Servicesenteret vere å finne på Sjoarvegen 20 (Forbruken), medan dei andre administrasjonseiningane vil vere lokalisert på Holmavegen 24 (gamle omsorgssenteret). Eining Utvikling er allereie på plass der.
Kommunen ber om forståing for eventuelle ulemper i samband med flyttinga, og ser fram til å ønska publikum velkommen til dei nye lokala.