Alvorleg situasjon på vegnettet i Vestland

Vegvesenet har sendt ut ei pressemelding med ei sterk oppmoding til publikum om ikkje å ta seg ut på vegen i kveld.

På vegnettet har konsekvensane av uvêret forverra seg sterkt ut over ettermiddagen og kvelden. Lokalt er fleire vegar stengde.
Statens vegvesen og fylkeskommunane i Vestland og Rogaland har hatt eit møte i kveld. Det er veldig mange vegar som no er stengt på grunn av skred og flaum. Det vert og vurdert stenging av fleire strekningar.

Pressemeldinga frå Statens vegvesen kan lesast via denne lenka: Uvêret på Vestlandet: Vurder om du må køyre! | Statens vegvesen