Arbeidsvarsling – Fv 5022 Frettevegen

Vestland fylkeskommune melder: På grunn av stikkrennebytte, utbetring av tilknytt drenering, utbetring av vegbana, og etablering av nytt rekkverk, vil det vere behov for å stenge Fv 5022 - Frettevegen.

Kart over kor stenginga gjeld - Klikk for stort bildeAnleggsområde er avmerka med raude piler.

Vegen vert stengt på natt i tidspunktet 22.00–06.00, i ein anleggsperiode fram til ca 1. november 2025.

Arbeidsperiode i desse vekene vert frå natt til tysdag, til og med natt til fredag.

Vegen er open for trafikk på dagtid, og på netter der det ikkje føregår anleggsarbeid, men me ber alle om å syna omsyn og å tilpassa farten gjennom anleggsområda.

Oppstart blir måndag 8. september i veke 37. Det vil føregå riggarbeid i veke 36, men vegen vert då kun stengt i korte perioder.

  • I anleggsperioden:
  • Nødetatar kan passere
  • Det blir opning for å sleppe gjennom trafikk kl 23:00
  • Mjølkebil og avisrute får passere kl 06:00

Anleggsarbeidet vert varsla med skilt i begge ender av Frettevegen. For ytterlegare informasjon vert det henvist til 175.no.