
Totalt fem entreprenørar leverte tilbod i konkurransen: ATE AS, Dommersnes og Larsen AS, Haakul og Ersland AS, Saga Bygg AS og Vigor Bygg AS. Ingen tilbod vart avvist.
Anboda vart vurderte etter to hovudkriterium: pris (70 %) og kvalitet (30 %). ATE AS utmerkte seg på begge område. Særleg vart oppgåveforståinga deira trekt fram som grundig og gjennomtenkt, med gode planar for både teknisk gjennomføring og sluttfase.
– ATE AS har vist god forståing for rolla si som totalentreprenør og har levert ein plan som gjev byggherren tryggleik for at prosjektet vert gjennomført på ein god måte, heiter det i vurderinga frå rådgjevar Geir Helge Isdal.
Den samla poengsummen til ATE AS var 9,85, medan Haakul og Ersland AS kom på andreplass med 9,62. Vigor Bygg AS vart rangert som nummer tre.
Kontrakt vil bli inngått etter at den lovpålagde karenstida er over, den 27. mai 2025.
Etne kommune takkar alle som deltok i konkurransen, og ser fram til eit godt samarbeid med ATE AS i arbeidet med det nye tinghuset.