Avdeling Utvikling først ut på flyttefot

I samband med oppussing av Tinghuset, startar no arbeidet med å flytte ut dei ulike kommunale avdelingane.

Inngangspartiet - Klikk for stort bilde

Først ut er Avdeling Utvikling, som frå og med komande veke held til i det midlertidige Tinghuset i Holmavegen 24, det gamle omsorgssenteret.

Etter kvart vil også dei andre avdelingane følgje etter og flytte ut av Tinghuset. Meir informasjon om dette vil bli gjort tilgjengeleg fortløpande.

Inngangspartiet - Klikk for stort bilde

Servicesenter vil i mellomtida vere å finne i Sjoarvegen 20 om nokre veker, og held fram med vanlege opningstider og tenester der.

Vi ber om tolmod i denne overgangsperioden og takkar for forståinga. Meir informasjon om flytteprosess og oppdateringar kjem snart.